RS 6

Gudmund Sandvik 1. det fanst ikkje jordbruk i Finnmark, men likevel fast og innbyrdes regulert bruk av grunnen, av ulike grupper samar og bumenn, 2. i 1775 delte »kongen» for forste gong ut jord til eigendom, med tanke på å innfora jordbruk i Finnmark, 3. denne matrikulerte jorda vart skattematrikulert, i motsetning til den andre umatrikulerte jorda, 4. kongen måtte ha vore eigar av den grunn han gav bort til eigedom, og difor var han framleis eigar av den grunnen han ikkje hadde gjeve bort, — slik at 5. på 1800-talet og seinare har samane ikkje kunna ha anna enn tålte sedvanerettar, eventuelt regionale allemannsrettar til »Statens umatrikulerte grunn i Finnmark Denne nye innsikt som Tonnesen har gjeve oss, er sjcrleg oppmuntrande for faget rettshistorie. Sverre Tonnesen komtil Finnmark som fersk juridisk kandidat i 1962 og gjorde teneste som politifullmektig i 6 år. I sitt daglege arbeid motte han ofte dei merkelege jordeigedomsforholda i Finnmark. Han ville laga ei systematisk framstilling av dei —og gjorde det. Men dermed vart det tvingande nodvendig å förklara korleis dei hadde oppstått. Han måtte altså skriva rettshistoria omstatens umatrikulerte grunn i Finnmark. Sant å seia, ingen historikar hadde teke problemet opp for alvor. Problemstillinga oppsto hos og vart påtrengande for ein jurist i hans daglege arbeid. Karakteristisk nok talar Tonnesen til fleire enn juristar. Han har formulert eit rettspolitisk formål med avhandlinga (s. 4, 313 ff), at ved lov skal »statens umatrikulerte grunn i Finnmark» gjerast om til »Finnmarksallmenningen» der samane har tilsvarande allmenningsrettar som bondene i Sor-Norge. Sverre Tonnesen er eit eksempel på rettshistorisk spontangenese. No vil eg gje 5 eksempel på emne som er under arbeid, med tanke på at det skal bli til avhandlingar. 1. Norske allmenningar i mellomalderen. I Sor-Norge har vi tre interessante område, det allmenningsprega Austlandet og Vestlandet, det allmenningsfrie Agder og Telemark, og Trondelag der allmenningssystemet kanskje er innfort delvis på 1200-talet. Impulsen til å studera dette har kome frå Andreas Holmsen og bondesamfunnsgranskingane ved Instituttet for sammenlignende kulturforskning, men emnet har naturlegvis både nasjonal og internasjonal interesse. Ein historikar skal byrja med det hausten 1978. 2. Samisk bruk av grunnen i Norge er eit emne for Det nordiske samiske instituttet i Kautokeino, og målet er å kartlegga den tradisjonelle, faste og gjensidig respekterte bruken. Dels er emnet ei vidareforing av Tonnesens arbeid, dels er det ein sentral del av samisk kulturreising. Arbeidet skjer i nxrt samarbeid med den foregåande allmenningshistorikaren og Universi178 ».

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=