RS 6

Rättshistorisk forskning — Norge 177 hos Rettshistorisk kommisjon, og i 1980 er det meininga at Nygård skal gjc ut förste bandet av Overbofrettens domar (1667—79). Så vil eg gjerne signalisera at denne kommisjonen og heile Kjeldeskriftinstituttet vil få sine arbeidsvilkår radikalt forbetra frå oktober 1978. Da skal den nye riksarkivbygningen på Kringsjå stå ferdig, med sviere arkivrom ncde i fjellet. Endclcg skal rikets brevkiste bli så romsleg at vi f. eks. skal få samla arkiva etter den norske sentraladministrasjon sidan 1814! Hit skal ikkje berre Riksarkivet, men også Statsarkivet i Oslo (det regionale arkivet for Oslo, Akershus, Buskerud, Telemark, Vestfold og Ostfold), Norsk lokalhistorisk institutt, Privatarkivinstituttet, og altså Kjeldeskriftinstituttet. Kringsjå ligg for enden av Sognsvatnsbanen, der Nordmarka byrjar. Det er planlagt hotellfasilitetar for forskarar i Studentbyen tett ved. På den same forstadsbanen ligg Blindernveien stasjon, med lett åtkomst til Historisk institutt. Forstadsbanen byrjar ovst på Karl Johansgate, tett ved universitetsbygningane frå 1851. Her, i Domus Bibliotheca, har rettshistorie no fått sin heimstad. Frå byrjinga av 1980-åra vonar vi at heile den store juridiske boksamlinga ved Universitetsbiblioteket skal bli installert her. Og i forlenging av denne rettshistoriske aksen, 200 m. lenger ned på Karl Johans gate, ligg Stortinget. Det tek sjolv vare på sitt meir enn 160 år gamle arkiv og har eit framifrå bibliotek. Forholda byrjar å ligga bra til rettes for rettshistorisk forskning i Oslo. Eg vil gjerne seia litt omdet somskjer, både her og andre stader. Eg vil byrja med hovudfagsopgåver i historie. Mange av dei ligg på eit hogt nivå, og dei representerer ein viktig del av möderne norsk historieforskning. Dei blir berre sjeldan trykte. Men sidan 1970 blir det deponert eitt eksemplar ved kvart av våre historiske institutt (i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromso), og dei kan normalt lånast gjennom alle nordiske universitetsbibliotek. Sidan 1972 inneheld Historisk tidsskrift kvart halvår titlane på hovudfagsoppgåvene,'^ og ein vil der sjå at mange av dei gjeld rettslege emne. Eg avstår frå å presentera Nygårds og mi eiga doktoravhandling. I staden vil eg dra fram den forste juridiske doktoravhandlinga ved Universitetet i Bergen, nemleg Sverre Tönnesen: »Retten til jorden i Finnmark. Rettsreglene om den såkalte »Statens umatrikulerte grunn» —en undersokelse med sxrlig sikte på samenes rettigheter» (Bergen 1972). Den har ein verkeleg thesis, og difor er den, etter mitt syn, ei ideell avhandling. Emnet er 96 Vo av grunnen i Finnmark fylke, eller 48 000 km^, nesten 1/7 av Norges territorium. Tonnesen har ved historisk forskning klarlagt (stikkordmessig) at * Historisk tidsskrift gir også ut den löpande Bibliografi til Norges historie. Det nyaste heftet kom i 1977 og dekkcr åra 1974—75.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=