RS 6

Rättshistorisk forskning — Norge 179 tetet i Troms0. Det er etablert kontakt med svensk forskning, framfor alt med professor Hafström. 3. Norske herredagar ca 1570—ca 1660. Norsk Historisk KjeldeskriftInstitutt har i 1976 avslutta utgjevinga av serien Norske Herredags-Domboger 1578—1664, Rekke I—IV. Det forste bandet kom i 1893. Namnet kan vera villeiande (jfr forordet i band I: 1). Når Riksrådet mottest i Norge, fungerte det både som ovste domstol og som eit politisk styringsorgan. Etter impuls frå Lars Hamre skal no ein jurist prova å nytta dette materialet, og for forste gong. Det står for meg som sjerleg nyttig at ein jurist gjer det, etter at Svend Ellehoj {Hojesteret 1661—1961) har påvist omforminga av Rigsraadet (og Herredagen) til ein Hojesteret. 4. Norske trolldomsprosessar. Institutt for folkeminnevitskap byrja kring 1930 å skriva av alt rettsmaterialet og det arbeidet er sluttfort no. Det gjeld ca 900 prosessar. Emnet har eit visst motepreg, men det er ikkje noko gale i det. Primärt vil dette bli den forste studien av korleis straffeprosessen vaks fram i Norge på 1600-talet. Om dette veit vi altfor lite. Vedkomande forskar har vore i arbeid i over eitt år. Han er historikar. 5. Domstolskontrollen med förvaltning og lovgjeving. Domstolskontrollen har ikkje eksplisitt heimel i vår forfatning, den er eit produkt av rettsleg teori og av domstolspraksis. Vedkomande forskar, som er jurist, går til sjolve premissane i domsprotokollane frå dei ovre domstolane frå 1815 og utöver mot 1850, dessutan til regjeringsprotokollane. Det er her tale om ei utvikling av juridisk tenking innafor eit lite og oversiktleg juristmiljo. Det synest alt no rimeleg at her fann T. H. Aschehoug noko av råstoffet for sin generelle teori i Norges nuvicrende Statsforfatning, III (1885). Eg vil nok meina at dette arbeidet vanskeleg kunne gjerast av ein ikkje-jurist. Men impulsen har kome frå ein historikar — eg viser til den gnistrande debatten i Historisk tidsskrift i 1964—65 mellomJens Arup Seip og Johs. Anden^s om »Hoyesterett sompolitisk organ».^ Eg avstår frå å laga ei fullstendig liste over arbeid som er i gang. Eg avstår også frå å laga ei onskjeliste over emne som bor takast opp. Men denne lista kan kanskje gje eit svar på det problemet eg reiste i innleiinga. Slike avhandlingar, og andre, vil gje ny innsikt, som påverkar både det juridiske miljo og tenking omsamfunnssporsmål i det heile. På ein slik bakgrunn let det seg gjera å forma spesifikt juridisk argumentasjon, med gjennomslagskraft i den juridiske profesjon. ® Del siste tilskota til debatten: Torstein Eckhoff: »Hoyesterett som grunnlovens vokter». Makt og motiv. Et festskrift til Jens Arup Seip (1975), og Johs. Anden^es: »Grunnlovtolkning, domstoler og politikk. Randbemerkninger til en hoyesterettsdom», Rett og humanisme, Festskrift til Kristen Andersen (1977).

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=