RS 6

176 Gudmund Sandvik —Juristar på si side er nok klar over at den jus dei praktiserer og lever i, berre er ein fase i ei lang utvikling. Men det er denne fasen, den gjeldande rett, som dei profesjonelt er interesserte i. Juristar nyttar i hog grad leivningar frå förtida, men som rettskjelder til gjeldande rett. Berre sjeldan vil det vera tale om å nytta historisk metode på leivningane for å rekonstruera »wie es eigentlich gewesen», og slik at juristar derved kan henta fram nye rettskjeldefaktorar frå förtida Men etter Hume er det jo ikkje lenger originalt å seia at språnget er stort frå er til bor. Det er enda storre frå var til bor, eller frå bor til var. Ein framståande fakultetsjurist sa da han onskte meg velkomen: »Vi ville ha en historikar. Jussen skal vi greie selv.» Tydeleg nok reknar også han med at berre i unntakstilfelle vil juristar arbeida som historikarar Men eg er overtydd om at historikarane i stigande grad vil soka til den rettslege fortid —Marc Bloch skreiv at historikaren er som trollet i eventyret, det kjem dit det luktar menneskeblod.^ Det er liten fare for rettshistoria. Den verkelege faren er at vi får ei rettshistorie utan juristar, og dermed av lita interesse for juristar. I forholdet mellom sosialokonomane og okonomiske historikarar er der spor somskrasmer. Dersom desse refleksjonane har noko for seg, så vil det vera ein galen og farleg strategi å halda rettshistorie som eit revier for juristar og for eit juridisk fakultet. Da går faget sin undergång i mote, av mangel på rekruttering. For historikararne vil det vera fagleg rett og forskningspolitisk klokt å oppsoka den innsikt og systematikk som juristar har. Ikkje for å bindast av noverande juridisk systematikk, men til hjelp i arbeidet med problemstilling og kjelder, og som ein av synsvinklane ved skrivinga. Så skal eg vera meir konkret og gje nokre opplysningar om den aktuelle forskningssituasjonen i rettshistorie i Norge, slik eg vart beden om. Forst ominstitusjonar. Vi har ikkje noko tilsvarande Institutet för rättshistorisk forskning grundat av Gustav och Carin Olin. A-len vi har i alle fall Den rettshistoriske kommisjon, som kan fora sine aner tilbake til 1830-åra (også på statsbudsjettet), og som har til hovudoppgåve å gje ut Norges gamle Love. For tida arbeider ein stipendiat med lovgjevinga 1513—1536. Målet er 1604 og Christian IV’s Norske Lov. Den rettshistoriske kommisjon er innebygd i Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt, slik at kommisjonen har fullt hove til å gje ut andre verk av kjeldekarakter. For eksempel har Mons Sandnes Nygård nyleg (1976) gitt ut si domssamling Avhendingssaker 1667—1836 ' Marc Bloch: Apologie pour I’histoire ou metier d’liistorien, Librairie Armand Colin, Paris 1949, s. 4.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=