RS 6

Den rettshistoriske forskningssituasjonen i Norge Av Professor Gudmund Sandvik Det juridiske fakultet i Oslo har for tida 18 professorat. Av desse 18 embeta er i 1960—70-åra fire embete blitt oyremerkte for ikkje-juridiske fag, nemleg kriminologi, rettssosiologi, rettshistorie og sosialokonomi. Dette er eit sjcrmerke for Det juridiske fakultet i Oslo. Universitetet i Bergen har hatt professorar i jus sidan 1970. Deira sarrmerke er å vera organiserte somein seksjon av Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette vitnar nok dels om gjennomslagskrafta, the impact, hos dei sjolvsikre nye samfunnsvitskapane. Det er likevel i forste rekke tale om eit tradisjonsrikt vitskapleg miljo, eigenarta og spesifikt, som sokjer kontakt med samfunnsvitskapane og historie for å knyta til seg den nye innsikt som måtte finnast der. Det juridiske fakultet i Oslo har handla av fri og generös vilje når det i 1960—70-åra har bygd ut og forma 22 ®/o av sine toppstillingar til samfunnsvitskap og historie. Men det hoyrer også med at norske universitetsjuristar har spela ei avgjerande rolle for framveksten av möderne sosiologi i Norge. Namn somTorstein Eckhoff, Vilhelm Aubert og Johs. Anden^s er kjende i alle nordiske land. Her er det tale omgjensidig påverking. Avstånden har vore storre frå juristane til andre samfunnsvitskaplege miljo, somsosialokononii, statsvitskap og historie. I dei siste fem åra har eg levd som historikar saman med, og sidan 1975 som medlem av Det juridiske fakultet i Oslo. Eg har gjort meg nokre enkle refleksjonar. Norske historikarar flest er klar over at den rettslege fortid er viktig, og vi veit at det finst enormt mange leivningar frå denne förtida. Men historikarane har berre i liten grad nytta dette stoffet, domsprotokollar f. eks. Ei förklaring kan vera at det er vanskeleg å bruka, det er forma i juridiske kategoriar og abstraksjonar. Og der er så mykje anna å gjera!

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=