RS 16

72 hoge nåde berre mildne (jus aggratiandi), ikkje skjerpe - noko som innebar sjolv å idme straff. Her viste Stampe bl.a. til «vor Constitution» og det folk måtte kunne vente seg frå «Hans Majesta^ts Naadethrone», og han summerer opp «... som et fast princip, at Hans Majestset Kongen af Danmark ved det, at en affsagt dom i en criminel sag allerunderdanigst forestilles ham, aldrig vil skiserpe den ved dommen paalagte straf; hvoraf flyder, at Hans Majesta^t ei heller allerunderdanigst vil foretage sig noget, som kunde have anseende af en saadan skixrpelse.» Inntrykket av at det her skulle vere tale om eit slag konstitusjonell kompetanseavgrensing blir likevel avgjerande svekt ved at Stampe på slutten av utgreiinga også tilrettelegg for kongen den motsette loysing. Om kongen skulle «allernaadigst inclinere for» å endre domen, rådde Stampe til at også dette — utetter - vart framstilt som ei nådig lemping av straffa.*^ Stampes utgreiing stadfester såleis på nytt at det avgjerande var kva kongen ville og bestemte seg for. Stampes argumentasjon for at kongen bor vise moderasjon inneheld heller ikkje sserleg mykje nytt. Dessutan ligg der implisitt ei nytting påminning omå ikkje forveksle ytre formog reelt innhald under einvaldssystemet. Så ekstraordinsert og sporadisk det var at spörsmål om direkte omgjering, eventuelt straffeskjerping, dukka opp — det gjeld både forste og andre halvdel av 1700-talet — synest det klart at dette ikkje i seg sjolv innebar noko vesentleg svekking anten av folks tillit til domstolane eller den reelle rettstrygd i samfunnet. Visse utviklingstrekk har blitt nemnt til stönad for det syn at Hogsterett etter kvart faktisk fekk ei friare og meir uavhengig stilling. Domarane fekk meir ordna tilsettingsvilkår, betre avlöning, juridisk utdaning etc.'^ Men effekten av slike tiltak, som i seg sjolv kunne vere viktige nok, var ikkje eintydig og utan vidare at domarane faktisk komtil å fungere friare, eller på ein måte som kan kallast uavhengig. I hovudsak dei same utviklingstrekk kan frå ein annan synsstad sett seiast å ha underbygt sterkare innordning av domstolsverket — og ikkje minst Hogsterett — under eit stendig fastare sentralisert og integrert statsstyre knytt til kongen og nseraste maktkrinsen kring han.*^ I eit tett og samla miljo somdette var påverknadsvegane mange. Spörsmålet om Hogsterett fungerte som relativt fritt og uavhengig organ Stampe n.st. s. 546. Brei gjennomgåing av Svend Ellehoj, Rcttens forhold til regeringen indtil 1746, og av Georg Norregaard, Rettens forhold til regeringen fra 1746 til 1849, i: Hojesteret 1661—1961, I s. 218—343; også Tammn.st. s. 18 ff. '* Slike synsmåtar kjem fram hos Thoger Nielsen n.st. s. 482 der det bl.a. heiter «... at eneveldens statsstvre lidt efter lidt forte hen imod en mere fuldstaindig indordning af domstolene under staten, og for denne udvikling komHojesteret netop til at spille en afgorende rolle». — Sserleg langt i denne lei går Gudmund Sandvik, Domuride kommisjonar i Norge, [Stensilserie, Institutt for privatrett. Universitetet i Oslo, nr. 1, 1974], s. 36 ff.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=