RS 16

71 Kongens personlege avgjerdsmakt i domssakene måtte klart nok vere styrkt. Kongelova 14/11 1665 la ikkje uttrykkeleg den hogste domsmakt til kongen. Schumachers utkast hadde med eit punkt omdette, men punktet gjekk ut — utan at grunnen er kjend og utan at det kan dragast sikre slutningar i den eine eller andre lei. Hovudartikkelen om einvaldsprinsippet'- er likevel så allmenn og absolutt at det er vanskeleg å forlike med at kongen skulle vere formelt bunden av andres domsvotum. I diskusjonen omdette spörsmålet er bl.a. trekt fram'^ eit tilfelle der Kristian VI så seint som i 1740 beint fram gjekk til å gjere om ein dom felt av Hogsterett. Dette skjedde endå justitiarius i eit utforleg inniegg sterkt hadde argumentert mot å tilläte nokon å anke hogsterettsdomar til kongen — påpasseleg nok reserverte justitiarius seg uttrykkeleg mot at det skulle innebere noko slag avvik frå det syn at Hogsterett hadde all si makt frå kongen. — Inniegget meir enn omgjeringa viser at den konstitusjonelle basis i kongens udelte einvaldsmakt var udiskutabel. Argumentasjonen galdt berre måten å utove kongens hogste domsmakt på, og eit hovudargument var at kongen måtte vise moderasjon og ikkje skape ein presedens for revisjonsanke som ville undergrave tilliten til domstolen og kjensla av rettstrygd i samfunnet. Omgjeringa utloyste ikkje — som spått — noko skred, men det vart heller ikkje stilt omspörsmålet. Det er hevda at det kom til ei ny utvikling frå midt på 1700-talet, somendra Hogsterett til eit uavhengig organ. Endringa blir sett som direkte innverknad frå Montesquieus maktdelingslasre, sa^rleg gjennom Henrik Stampes innsats som generalprokuror og hogsterettsdomar.'"* At Stampe var påverka av Montesquieu er vel dokumentert. Meir uklart er om det kan påvisast å ha fort til noko avgjerande endring i Hogsteretts stilling, eller om den framleis vart verande i hovudsak den same. I den saka der Stampe sist og mest utforleg uttala seg,'^ hadde Hogsterett domt to såk. melankolske barnemordarar til dödsstraff som fastsett i frdn. 7/2 1749, medan kongen ynskte å nytte ei nyare frdn. 18/12 1767 somendra straffa for slike tilfelle til livsvarig fengsel med det föremål å skjerpe den avskra^mande effekt. I si utgreiing 20/8 1768 talde Stampe ifrå, og la hovudvekt på to grunnar. Domarane kunne ikkje gje ei straffendring tilbakeverkande kraft {vis retroactiva), så det var korrekt domt. Og innrefererte straffedomar måtte kongen av sin ’’ Art. 2, som lyder; »Danmarks og Norges enevolds arvekonge skal vxre herefter og af alle undersaaterne holdes og agtes for det ypperste og hojeste hoved her paa jorden, over alle menneskelige love, og der ingen anden hoved og dommere kjender over sig, enten i geistlige eller verdslige sager, uden Gud alene.» - Det dreiar seg her uttrykkeleg bl.a. omden aller hogste domsmakt. " Seinast Ditlev Tamm, Af Hojesterets historie, i; Hojesteret 166I-198i, s. 16—18. Aksentuert bl.a. av Tamm n.st. som konkluderer (s. 18): »Domstolshierarkiets selvstxndighed og uafhxngighed med Hojesteret i spidsen var hermed gjort til provestenen på, om konstitutionen var monarkisk eller ej. Domstolens stilling, således somden stod fast siden midten af det 18. århundrede, var således lige så vel som i dag et afgorende led i «vor Constitution». Henrik Stampe, ErkLcringcr, breve ogforestillmger, V^s. 541—546.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=