RS 16

73 under siste halvdel av 1700-talet, kan i generell form vanskeleg få eit sikkert svar. Eit viktig trekk ved einvaldsstyret var ynsket omå unngå opne divergensar. At vi konkret kjenner få slike tilfelle, kan — isolert sett — likså gjerne takast som uttrykk for tett samkyring somfor effektiv avskjerming. Tilliten til domstolsverket og graden av reell rettstrygd er som nemnt eit stort og samansett problemkompleks. Relasjonen mellom Hogsterett og den personlege kongemakt er ein viktig del av dette, men berre ein del. Heile sakskomplekset bor vurderast samla. 5. Nokre sluttmerknader Mange sider ved tilhovet mellomhögste sentraldomstol og det Isegre domstolsverket og mellom domstolane og dei ymse samfunnslag og folkegrupper fortener openbert å bli granska nxrare. Forebels er dei undersokingar som er gjort, altfor få og spreidde til tilfredsstillande å klarleggje dei meir generelle problemomtilliten til domstolsverket og den reell rettstrygd i samfunnet. Det pågår stendig eit långsiktig arbeid med å utgje og på annan måte tilretteleggje for forskning det store og rike kjeldematerialet frå dei gamle domstolsarkiva. Innsatsen i dette arbeidet er i seinare tid intensivert, noko som bl.a. avspeglar auka interesse for rettsfunksjonelle forhold. Med tid og stunder vil det gje betre grunnlag for storre samlande analyser. Av tilhove som det synest viktig å få betre klarlagt, nemner eg kor mykje av sakene og kva slag saker som kom oppover til topps i domstolsverket, og kva som stogga i dei Ixgre instansane eller kanskje ikkje kom for domstol i det heile. I dette kan avspegle seg både forventningar og mistru. Det har interesse å sjå kven som sxrleg aktivt gjorde bruk av domstolsvegen og forfylgde sakene til topps, og kven som stilte seg passivt eller direkte avvisande. Både i grad og grunnlag kan tiltrua til domstolsverket vise seg å vere eit heller samansett problem. Eg vil her få lov å omtale eitpar aspekt litt n^erare, til illustrasjon og med utgangspunkt i norske tilhve: Overhoffretten frå 1667 sprang ut av eit initiativ for å få ein ovste norsk sentraldomstol (med eit visst hove til innklaging for kongen). I staden vart fastsett hove til å anke vidare til Hogsterett i Kobenhavn. Det har like fullt vore rådande norsk syn at Overhoffretten, av di vidare anke til Kobenhavn praktisk sett var uaktuelt, i realiteten kom til å fungere som ein norsk hogsterett. Jamvel framståande forskningsarbeid av noko eldre dato er basert på overhoffrettspraksis utan at det er klarlagt omdomane var anka; det gjeld såleis både U. A. Motzfeldt, Den norske vasdragsrets historie (1908) og J. Skeie, Om ^erekrenkelser efter norsk ret (1910). Ved nasrare etterroking syner det seg tvert imot at vidare anke til Hogsterett var mykje brukt, i Motzfeldts materiale gjeld det ca. halvparten av sakene, i Skeies ca. ein tredjedel. Då

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=