RS 16

70 dagen. Det vart reagert mot tendens til å sende saker ifrå seg utan realitetsavgjerd, ved skjerpte forbod mot såk. «uendelige domme». I Store recess 1643 er fresegner omfast saksgang frå instans til instans opp til herredagen, og det går framat dette gjeld både danske og norske saker.^ I herredagen sat kongen og riksrådet, eller deler av riksrådet med kongens fullmakt. Herredagssesjonane var ikkje knytt til fast tid eller stad. Til dei norske herredagane var vanleg utsendt danske riksrådar som heldt rettarting saman med tilkalla lagmenn og andre. — Domane frå herredagen er omtala som «Kongens og Rigens Raads domme», domsbreva gjekk ut i kongens namn og under hans segl. Det har blitt hevda at riksrådane var rådgjevarar utan primxr del i högste domsmakta, og det finst nokre tilfelle der kongen har fastsett domsresultatet mot eit klart fleirtal av riksrådane. Det var og praktisert å referere saker for kongen til hans avgjerd når han ikkje hadde vore til stades i retten.^ Den revolt somskjedde med innforinga av arveleg einvelde i 1660, var vendt mot adelen og innebar forst og fremst avskaffing av riksrådet. Omveltinga tok og grunnlaget bort under herredagane. Men herredagsdomstolen eller rettartinget kom til å bli vidarefört gjennom den nye felles dansk-norske Högsteretten frå 1661, delvis også gjennomden norske Overhoffretten frå 1667. Begge domstolane hadde fast s^ete og årleg sesjon, og det vart innfort anke frå Overhoffretten til Hogsterett. Dermed var utovinga av högste domsmakta sentralisert til Hogsterett somfelles domstol for begge land.*° Rettargangssystemet var i hovudtrekk som for.'* Hogsterett skulle ha like mange adelege som lasrde borgarlege medlemer utnemnde av kongen. Visse reglar om arbeidsmåten vart etter kvart nedfelt i sasrskilde instruksar, den forste 25/6 1670. Omvotering var såleis fastsett for tilfelle då kongen ikkje var til stades-, at domen skulle folgje det fleirtalet roysta for. Men i ei rekkje tilfelle skulle kongens avgjerd innhentast for det vart felt dom, såleis når det galdt sxrskilt viktige saker, når roystene sto likt, og når retten fann at rimelege grunnar tilsa å lempe på strenge lovreglar. * Store recess 1648 II—6; jfr. 11—21 (bok III gjeld spesielt norske tilheve). Generelt har vore hevda at bok I og II berre galdt danske tilhove, men domspraksis frå Overhoffretten viser i ei rekkje tilfelle også til foresegner frå desse delene av recessen {Overhoffrettsdomar 1 og 2, lovregistra). ’ Stig luul konkluderer sin gjennomgang av desse spörsmål, Hojesterets domspraksis som retskilde, i: Hojesteret 1661-1961, II s. 4—9, på folgjande måte: «Det synes herefter berettiget at fastslå, at det kongelige Retterting i egentligste forstand var Kongens domstol, ikke rigets. Det var allerede for 1660 Kongen, som udovede domsmyndigheden i överste instans, og rigsråderne optrådte somhans rådgivere, ikke somhans meddommere, endsige som hans föresatte i den forstand, at de kunne overstemme ham, hvis han ikke delte deres oppfattelse.» Utforleg Svend Ellehoj, Rettens grundlarggelse, i: Hojesteret 1661—1961, I s. 1—57, omvidarefonng av tradisjonane frå herredagen m.m. sjå s. 38 ff., omOverhoffretten s. 67. " Jfr. Thoger Nielsen, Belysning af rettergangsmåden, i: Hojesteret 1661—1961, I s. 480 ff.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=