RS 16

69 sierstilling. Ordninga innebar at den gamle kongsdomen vart innbygt i ein etter måten fast organisasjon og avgjersprosedyre. I den kollegiale arbeidsformmed bl.a. avroystingsreglane kan ein sjå eit visst element av maktdeling.^ Men med ei aktiv kongemakt kunne systemet vanskeleg gje tilnasrma effektiv åtskiljing av domsfunksjonen. Generelt var Riksrådet på vikande fot for ei pågåande personleg kongemakt. I si andre statsomvelting avskaffa som kjent Gustav III gjennom Föreningsog sikkerhetsakten 16. mai 1789 også riksrådsinstitusjonen og tok ope styringsmakta i eiga hand i form av eit personleg einvelde. I denne turbulente situasjonen heldt domsorganisasjonen stand og kom jamvel ut med fastare profil enn tidlegare. Som avdeling av Riksrådet måtteJustitierevisionen falle bort automatisk. Men i staden la sjolve Foreningsakten det konstitusjonelle grunnlag for eit eige högste domsorgan ved å innstifte «Konungens Högsta Domstol, i hvilken alla Justitie-Revisionens Ärenden afgöras», som teksten lyder. Kontinuiteten er her fast og klar. Det gjeld ikkje berre en hloc overforinga av arbeidsoppgåver, men også dei vesentlege trekk ved organisasjon og funskjonsmåte blir vidarefört. I Högsta domstolen skulle både adelege og ikkje-adelege ha sjete, etter kongens avgjerd seks av kvart stand. Kongen skulle som for ha dobbel ryst i domskollegiet. — Ytre sett var domsfunksjonen med dette klarare markert som ein eigen funksjon. Men med kongens generelt styrkte maktposisjon innebar systemet likevel berre i liten grad institusjonell garanti for uavhengig rettsskiping. Den reelle rettstrygd må likevel vurderast på eit breiare grunnlag. I denne samanheng vil bl.a. dei fast etablerte administrative saksforebuingsrutinar i Nedre justitierevisionen som nemnt ha stor interesse. Saksgangen gjennomdei lasgre domstolane, instansfylgje og appellreglar m.m., tilkjemogså sentral vekt. Desse spörsmål vil eg få kome noko tilbake til seinare. 4. Dansk-norsk utviklingpå 16—1700 talet Utbygging av embetsmannsstyret er eit viktig utviklingstrekk i etterreformatorisk tid. Dansk og norsk utvikling gjekk her i hovudsak parallelt, og utviklinga skaut sa:rleg fart på 1600-talet. Ein viktig lekk i denne utviklinga er fastare organisert rettsapparat og rettargang. Kongsutnemnde embetsdomarar knytt til tinga var velkjent frå langt tilbake. Men funksjonsfordelinga var heller uklar. Reglar om fast instansfolgje utvikla seg så småningom. Kongens rettarting, eller herredagane, fekk med kvart fastare organisasjonsform og klarare profil som ovste appelldomstol. På Kristian IV’s tid var det innarbeidd regel at saker måtte pådomast i underretten for innstemning til mellominstans, og sameleis pådomast der for innstemning til herre- ^ Slik Inger n.st. s. 136. Montesquieus innverknad i svensk og nordisk rett må ein truleg sjå som ein langvarig prosess.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=