RS 16

68 ling — Justitierevisionen. Visse statsrådar vart utsett til under kongens forsaete eller i hans fråvaer på eiga hand å ha ansvar for rettsskipinga og sitje til doms i revisjonssakene. Det var på slutten av 1600-talet at ein slik avdelingsstruktur i riksrådet tok fast form. Det tilrettela eit visst grunnlag for organisatorisk utskiljing av den högste domsmakt. Dei mange justissakene som skulle foreleggjast kongen, krävde ein sasrskild embetsorganisasjon som tok hand om saksforebuinga og utarbeidde saksforelegg. Det var ei sentral oppgåve for det kongelege kanselliet, der det utvikla seg ei sasrskild kanselliavdeling — seinare den såk. Nedre justitierevisionen — som fekk sine arbeidsrutinar nasrare fastlagt i instruksar 1663 og 1669. Denne organiserte justisforvaltning vart i seg sjolv ein viktiggarant for rettstrygd og kontinuitet i rettsskipinga.^ I dei djuptgripande statsomveltingar som innleidde tidsavsnittet med det stolte namn «frihetstiden» og kom til uttrykk i Regjeringsformene 1719 og 1720 og Riksdagsordninga 1723, vart som kjent kongens personlege maktstilling kraftig nedskoren til foremon for eit utstrakt stenderstyre. I tråd med dette fekk den ovste domsorganisasjonen endra form. Revisjonssakene skulle framleis liggje til Justitierevisionen som ei sserskild avdeling av riksrådet med minst sju riksrådar. Etter same regel som for andre riksrådssaker roysta riksrådane saman med kongen; hans tidlegare personlege högste avgjersmakt vart gjennom dette redusert til dobbel royst og avgjerande utslag når roystene sto likt. Meir inngripande måtte det bli at justissakene vart trekt inn under same regel som andre saker med omsyn til kontroll og overproving ved Riksdagen. Det vart med kvart ein open veg for misnogde partar å sokje domssaker inn dagen. Stenderne i Riksdagen kom såleis for ei tid til å fungere som högste domsmakt. Det låg i dette klart ein fare for politisering (og trenering) av avgjerdene. Tida var fylt av rivningar og partistrid og enda i allmenn politisk krise. Den djuptgåande misnoye med tilhova i rettsstellet var med og gav tilfore til revolt. Gustav Ill’s forste statsomvelting 1772 tilsikta å bryte ned stenderveldet og innebar bl.a. at domforing for Riksdagen vart avskaffa. Justitierevisionen som eiga riksrådsavdeling var med dette på nytt innsett som siste og högste domsinstans. Det vart formulert krav om fagleg-juridiske kvalifikasjonar for dei sju riksrådane i Justitierevisjonen, som skulle vere erfarne domarar med ry som rettvise og lagkunninge menn. Kongen hadde som tidlegare dobbel royst og det avgjerande utslag når roystene sto likt. Omveltinga hadde som mål å vende tilbake til den gamle «gode» statsskikken, skipnaden slik den var på Gustav II Adolfs tid. I viss mon var dette illusorisk. Kongens personlege maktstilling vart rett nok kraftig styrkt. Viktig var at Riksrådet i vanlege saker berre fekk rådgjevande status, og i visse saker vart det ikkje ein gong spurt. I hove til dette fekk justissakene såleis ei markert formell ^ Sasrleg Göran Inger, Svensk rättshistoria, 1979, s. 157 trekkjer med rette Nedre justitierevisionen framsomein viktig stabiliserande faktor. for Riks-

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=