RS 16

67 domsavgjerder som tidlegare låg til kongeleg rettar- og refsteting i dei ymse landskap; alt det var eit avsteg frå den ordning som var fastlagd i Landslagen (og Stadslagen). Men dertil komat framlegget innebar at kongen avsto frå personleg å ha den högste og endelege domsmakt, endå Landslagen uttrykkeleg tilla kongen den hoge rett å utroyne sanninga i alle saker og bryte skroksokner og avsokner. Dette kunne ikkje kongen endre på eiga hand. Hovrätten kunne såleis ikkje få fullmakt til å dome kongsdomutan at det vart teke atterhald om kongens högste personlege domsmakt etter Landslagen. Etter dette ville hovrätten i hogda kunne bli ein mellominstans. Denne synsmåten var i roynda akseptert alt ved utferdinga av Rettargangsordinansen, og atterhaldet komope til uttrykk i den domarinstruksen som låg til grunn for oppnemning av domstolen. Ei tiltrengt formell avklaring kom gjennom Rettargangsprosessen 1615. Her var fastsett at dom i hovrätten etter soknad kunne innklagast for kongen til revisjonsoverproving {beneficiumrevisionis). Slik revisjonsklage til kongen var eit nytt prosessuelt rettsmiddel i svensk rett. Men til grunn låg den gamle mellomalderlege skipnaden med klage til kongen og kongsdom.^ Hovretten var etter Rettargangsprosessen fast mellominstans, og i visse sxrskilt nemnde saker forsteinstans. Reglane om fast instansfolgje la grunnlag for ei innstramming også i underinstansane. Svea hovrätt fekk relativt snart fleire nye hovrättar ved sida av seg, i Åbo 1623, i Dorpat 1630 og i Jönköping 1634. Det understreka stillinga som mellominstans. Revisjonsklage til kongen måtte då framstå som dess viktigare, som det eine sentrale og högste domsorgan som kunne ta vare på omsynet til einskap i rettsbruken. Rettsreformane 1614—15 markerte på nytt kongen som högste domsinstans. Domsmakta låg prinsipielt og formelt hjå kongen personleg. I praksis sat kongen vanleg til doms saman med somme av riksrådane. Når kongen var utanlands eller elles fråverande, domde riksrådane på kongens vegner i samla riksråd. Kongens högste domsmakt og hvet til å innvilge revisjonsklage var i prinsipp uavgrensa. Samtykke til revisjonsklage hadde i forste tid karakter av S2erskild gunst, men vart etter kvart meir kurrant og fekk etter ei tid karakter av ordina^rt rettsmiddel. Det finst visse enkeltståande tilfelle som viser at kongen kunne gå utanom dei formelle reglane om revisjonsklage. Visse domar skulle utan klage foreleggjast for kongen, såleis skulle dodsdomar ved hovrettane ikkje iverksetjast for kongen hadde avgjort spörsmål om nåde. Kongen kunne og gripe inn med direkte rettleiingar til over- og underrettane i konkrete saker, i form av instruks eller s.om svar på forespurnad. Skiljet mellom domsforehaving og styringsvedtak vart i det heile verande noko uskarpt. I riksrådet kom justissakene med kvart til å sortere under ei särskild avde- ^ Westman n.st., s. 50 peikar på at medan hovrätten kom i stand utfrå heimlege fresetnader (ofritt från utländsk påverkan»), kom utanlandske frebilete til i gjere seg gjeldande gjennomrettargangsprosessen; Petrén n.st. s. 22 f., konkretiserer narrare.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=