RS 16

66 forde fram til nokon varig nyskipnad — den kongelege rettsskipinga gjekk hovudsakleg i gamle spor. Ein ny freistnad vart gjort i 1614 då Gustav II Adolf etablerte Svea hovrätt somfast overdomstol i rikshovudstaden Stockholm. Etter Rettargangsordinansen 10/2 1614 som innforde nyskipnaden, skulle hovrätten - «wär Konungslige Hoffrätt och öfwerste Doomuthi wär Stadh Stockholm» - ha makt til ä dome konungsdom anten kongen var nxrverande eller fräverande.^ I ordinansen var elles uttrykkleg gjort atterhald omat dodsdomar skulle freleggjast kongen for dei kunne setjast i verk; denne kongelege rett til ä gje dödsdömde näde bygde pä tradisjon frä tidlegare reformfreistnader. Eit vidare atterhald vart gjort fä dagar seinare dä kongen ved oppnemninga av dei forste domarar til hovrätten gav fullmakt til ä dome kongsdometter lov—den hoge kongelege rett til ä bryte alle skroksokner og avsokner ukrenkt, somdet heitte med ordlag henta frä den gamle landslagen.^ Bak dei noko sprikande formuleringane läg til dels sterke meiningsbrytingar."’ Ved Gustav II Adolfs maktovertaking hadde det gjennom fleire generasjonar samla seg opp misnoye over ugreie i domstolsverket. Alle mann «klagade sig rättlös» sä kongen vart päfort endelaust bry, melde kongen alt i proposisjon 1613. Rädet gav i sitt svar til kjenne at svikten i dei lasgre domstolane komav at dei ikkje heldt seg etter den rettargangsordning som lands- og stadslag foreskreiv — «inga rättegångar hällas vid makt och fä domar bliva efterkomna», heiter det. Men den lovfeste ordning var i seg sjolv bra og burde stadfestast og innskjerpast av kongen i eit offentleg mandat. Omkongsdomen slik den til dä var praktisert, heiter det at den «mera oordning än andra rättegångar haver med sig haft», av di det ikkje var faste domarar, men den eine ransaka og den andre domde. Rädet slutta seg difor til tanken om ä skipe eit ovste domsorgan («ett översta parlament»). Av kongens framlegg til rettargangsordinans for riksdagen 1614 gär det fram at kritikken av dei lasgre domstolane sasrleg sikta til at dei ikkje komsaman til regelfaste tider, at dei let uanka domar stä utan iverksetjing eller skaut saker ifrä seg udomt til kongens avgjerd. Dei innskjerpingar som framlegget inneheldt for ä räde bot pä slike mishove, vekte ingen nemnande meiningsskilnad. Kraftig og prinsipiell motstånd motte derimot framlegget om eit nytt ovste domsorgan ved den nyskipa Svea hovrätt. Motstånden kom frä kongens nxraste krins i vel underbygde inniegg framfört av enkedronninga. Kritikken samla seg i to punkt. Framlegget ville for det forste fore til ei sentralisering av “ Art. 10, her sitert etter Sture Petrén, Hovrätten och den högsta domsmakten, i: Svea hovrätt. Studier till 350-årsminnet, s. 3. ^ Landslagen, Rättegångsbalken art. 38 (opphavleg henta frå VmL R 39 — den einaste av landskapslovene somhadde slik foresegn). ■* Den situasjon som tvinga fram rettargangsreformen 1614—15 og dei ulike syn som gjorde seg gjeldande, er inngåande - og dramatisk - skildra av K. G. Westman, Från landskapslagar till rikslag, i: Minnesskrift ägnad 1734 års lag, I s. 40 ff.; også Petrén n.st., s. 5 ff.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=