RS 16

65 I nordiske land ' var skipnaden med högste domsmakt hjå kongen etablert alt i hogmellomalderen. Men både bakgrunnen og den praktiske utforminga var heller ulik for kvart land. Visse utvikligsliner kan folgjast tilbake til den velkjende kongsdomstolen i dei sor-germanske rika somvaks frametter folkevandringane. Storst rolle spela slike kongsdomstolar i det store Frankarriket. Karakteristisk var at kongen hadde vid makt til å sleppe alle slag saker inn for sin domstol og at kongsdomstolen hadde etter måten fri stilling i hove til lovene. Det var gjort til eit privileg å få visse slag saker direkte avgjorde eller innanka til endeleg avgjerd ved kongsdomstolen. I utgångspunkt låg avgjerdsmakta til kongen personleg. I andre sor-germanske land sto kongen mindre fritt både når det galdt hove til å sleppe inn saker og plikt til å underordne seg lov. Når det gjeld eldste utviklinga i dei nordiske landa har det blitt understreka at skipnaden med kongsdom vaks fram frå prinsipielt ulike utgångspunkt. Narrast opp til frankiske tilhove låg utviklinga i svensk rett, der kongen i utgangspunkt synest å blitt tillagt ein ailment domande funksjon. Langt på veg det same synest ha vore tilfelle med utviklinga i dansk rett. Etter den eldste norske tradisjonen hadde kongen derimot ikkje allmenn domsrett, men ein styringsfunksjon over domstolsverk og rettsskiping og ein viss avgrensa domsfunksjon. Karakteren av allmenn overdomstol utvikla seg i unionstida, med påverknad både frå svensk og frå dansk tradlsjon. Generelt galdt at kongen og kongsdomstolen i nordisk tradisjon var underlagt gjeldande lover. Institusjonelt var den högste domsmakta i dei nordiske land alt frå hogmellomalderen knytt til kongen og riksrådet, eller eit utval av riksrådar og andre tilkalla. Domssesjonane vart innkalla når tiltrongen tilsa det, på tid og stad som hovde rundt omi ulike landsdeler. På 1500 talet var det fast tradisjon med slike ambulerande domssesjonar, somgjekk under namnet rettarting eller herredag. Tilhovet til den personlege kongemakt var noko varierande. Men det er ein velkjend del av systemet at saker skulle refererast for kongen omhan ikkje var til stades i retten, dels for domvart felt og dels for felt dom vart iverksett. Eit karakteristisk trekk ved herredagssamlingane var elles at det ikkje var reine domsorgan, men at dei også handterte administrative og politiske saker og frå tid til anna også gjorde lovvedtak, utan at dei ytre former avveik i nemnande grad. I den mellomalderlege tradisjon var ikkje desse skilja skarpe. 3. Svensk-finsk utvikling på 16—1700 talet Alt frå midten av 1500-talet vart gjort fleire freistnader på å skipe ein svensk högste domstol med utgångspunkt i den gamle kongsdomen. Ingen av dei ' For det tolgjande, sjå art. Rettarting (L. Hawre og P. Helgesson), i: Kulturhistoriskt lexikon för nordisk medeltid, 14 s. 101-108. 6

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=