RS 16

Den högste domsmakt i dei nordiske land under gamleveldet (Pancien régime) Av Professor MONS SANDNES NYGÅRD Bergens universitet 1, Innleiing Emnet slik det er valt er stort og vidfemnande, både når det gjeld geografi, tid og tema. Dei nordiske landa dekkjer eit vidt område med fleire ulike rettstradisjonar. Det vil vere velkjent at det på 1600-talet berre til ein viss grad var gjennomfort rettseinskap i dei landområda som hovrde under sams riksstyre. Organiseringa av den hegste domsmakta i tilknyting til rikskongedomet vart ein viktig faktor som var med og endra dette biletet. Velkjent er og at kvart av rika femnde om store landområde utanför det vi vil kalle nordisk område; berre dei sentrale hovudland i det nordiske området hovrer naturleg med her. Kor langt bakover i tid ein må gå for å klarleggje rettstradisjonane omden organiserte domsmakt på högste nivå, må bli ei skjonssak. Generelt kan seiast at domstolstradisjonar ofte er faste og seigliva og linene bakover gjerne lange. Markeringsåret 1789, som står for nyordning, er samstundes innplanta i ein lang og fast kontinuitet. Organiseringa av den högste domsmakta reiser i viss mon sserlege spörsmål. Men samstundes utgjer den högste domsmakt eit integrert ledd i det samla domstolsverk og statsstyringssystem. Graden av uavhengig stilling og sjolvstendig status i forhold til den ovste politiske styring vil naturleg stå sentralt, og det utgjer eit kjernepunkt i den heller omfångsrike rettsjubilé-litteraturen. Andre spörsmål har kome meir i skuggen. Eg tenkjer på tilhovet mellomhögste domsmakta og rettsskipinga utetter i domstolsverket på dei Ixgre domstolssteg, og på korleis domstolsverket som eit samla heile verka i samfunnet og i hove til dei ulike samfunnslag. Her står mykje enno ugjort. Oppgåva må avgrensast til å skissere visse hovudtrekk ved utviklinga. 2. Kongsdomen i nordisk mellomalder Det er ei hovudline i den eldste utviklinga at ei högste domsmakt vaks fram som ein integrert del eller komponent av ei aukande kongemakt. Tendensane til utvikling av ei sjolvstendig og uavhengig högste domsmakt melde seg forst ved inngangen til möderne tid.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=