RS 6

Undervisning i rettshistorie i Bergen Av Professor Mons Sandnes Nygård Det kan vere grunn til å gje nokre utfyllande opplysningar om jusstudiet i Bergen og spesielt omstillinga for faget rettshistorie. Forhistoria er kort. Jus som universitetsfag er bygt ut suksessivt sidan utnemninga i dei to fyrste juridiske professorata i 1969. Staben tel no ni professorar og tilsvarande mange i heiltidsstilling som amanuensar. I tillegg er det ein del vitskaplege stillingar på deltid (vitskaplege assistentar, rekrutteringsassistentar m.m.). Til det nxr förestående tiårsjubileum vil talet vere auka til tolv professorat og tilsvarande mange i full stilling som amanuensar, som er målet for den fyrste utbyggingsetappen. Studenttalet er no ikring 800, og talet har til det siste vore jamt stigande. Inga av stillingane er eksklusivt tillagt rettshistorie som f.t. hoyrer under mitt undervisningsansvar. Ein av dei seinare tilkomne professorane har som dr.gradsarbeid eit kombinert rettshistorisk og rettsdogmatisk arbeid (Sverre Tonnesen). Ein amanuensis var tidlegare universitetsstipendiat i rettshistorie (romersk rett). Ved starten hoyrde jus under Det historisk-filosofiske fakultet, eit av dei tre opphavlege fakulteta ved universitetet i Bergen. Men allereide i 1970 vart jus saman med ei rekkje andre faggrupper utskilt som Det samfunnsvitskaplege fakultet, og er her blitt organisert som ei eiga avdeling — Den juridiske seksjon. I samsvar med tidlegare foresetnader er det no ved avslutninga av etableringsfasen vedteke å få utskilt eit eige juridisk fakultet. Dette vil i tilfelle skje på same tid som innforing av ei ny eiga studieordning for jus i Bergen opnar hove til å bruke juridiske deleksamenar i eit fleksibelt system av ulike fagkombinasjonar. Eit viktig siktemål er å leggje grunnlag for brei tverrfagleg kontakt. I takt med stillingsutbygginga har jusseksjonen i Bergen gradvis teke over sjolvstendig ansvar for eksamenar m.m. Frå 1976 blir det avvikla fullstendig juridisk embetseksamen. Studie- og eksamensordninga i denne overgangstida har naturleg nok vore na:r koordinert med ordninga i Oslo.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=