Rättshistorisk undervisning — Norge (Oslo) avdeling er uhorveleg stort. — Mine ferelesingar i mi tid som professor sidan 1975 har i hovudsak vore utdjuping og supplering av hovudpunkt i Robberstads bok. I vårsemesteret 1977 provde eg med ei forelesingsrekke over norsk jordeigedoms-, panteretts- og skattehistorie, i tilknyting til 2. avd. pensum i tingsrett og skatterett. Men dette stoffet kunne ikkje nyttast til eksamen. Etter kvart kom det pinleg få studentar. Eg nemner dette for å syna at pensumdefinisjonen i realiteten er retningsgjevande for undervisninga. Men det inneber også at vesentlege endringar og forbetringar av det obligatoriske faget rettshistorie til 2. avd. må skje gjennom eit nytt skriftleg pensum, altså gjennomnye Ixreboker. Dersomein held seg innafor rammene med omsyn til sidetal, så vil nok slike initiativ mota stor velvilje i Fakulteter. I 3. avdeling skal studentane velja eitt av 27 spesialfag eller skriva ei sxravhandling. Eit spesialfag er meint å ta litt mindre enn eitt semester. Spesialfaget rettshistorie er utforma av min foregjengar, Gösta Åqvist, i 1972. Spesialfaget har hatt god tilgang på studentar dei siste åra. Dei aller fleste har teke gode eksamenar. Dette kjem delvis av at Fakulteter har latt oss ha gode lokale, med faste lesesalsplassar og bibliotek for studentane. Men lokala var leigde, og no må vi flytta ut og over i Universitetsbygningane, til det såkalla Domus Bibliotheca ovst på Karl Johansgate. Her blir det knapt studentlesesalar dei forste femåra. Men deretter vonar vi på god plass og godt granneskap med Universitetsbibliotekets juridiske boksamling. Pensumi rettshistorie spesialfag består av eit felles grunnpensum, nemlig Stig Iuul: Hovedlinier i europeisk retsudvikling fra romerretten til nutiden, og Ivar Strahl: Makt och rätt, og eit spesialpensum. Studentane skal velja mellom fire spesialpensa: a. romersk rett (Wolfgang Kunkel og Max Kaser), b. ideologi og lovgjeving (Sabine og Frede Castberg), c. norsk statsforfatningshistorie (vesentleg 1800-tal), d. nyare norsk lovhistorie, strafferetts- og prosesshistorie. Undervisinga har form av seminar, med studentoppgåver, diskusjonar, forelesingar. Alternativet til spesialfag er som nemnt steravhandling. Det er realistisk å rekna med at ei slik avhandling forlenger studiet med eit halvt år, og det kan lett bli meir. Dermed er det berre spesielt interesserte studentar som skriv sasravhandlingar — förutan dei studentar som har vore vitskaplege assistentar sidan 1972. Fakultetet er litt tilbakehaldande med slike avhandlingar. Fakultetet er definitivt mot å gjera avhandlingane obligatoriske, slik dei er det ved högre embetseksamenar ved dei fleste andre fakultet. Forklaringa er for ein del den enkle at vi er få Izerarar og mange studentar. Forholdstalet er 1: 62! Men like viktig er nok den samstemmige meininga på alle hald at ein norsk juridisk kandidat forst og fremst skal vera allsidig, ikkje spesialist. Ideelt sett bor ein norsk juridisk kandidat gå 219
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=