RS 6

Gudmund Sandvik 218 rettskjeldelsere og statsforfatiiingsrett. Avtaleretten skal flyttast frå 1. avdeling til 2., og erstatingsrett frå 2. til 1. avdeling. Vi skal også eksperimentera med obligatoriske skriftlege ovingar i 1. avd. og med to mindre valfrie fag eller emne i 2. avd. Rettshistorie blir verande i 2. avd. Den norske juridiske eksamen er ein såkalla embetseksamen og saers omfattande. Det blir gitt to skriftlege oppgåver til 1. avd., og 5 skriftlege oppgåver til respektive 2. og 3. avd., altså i alt 12 skriftlege eksamensdagar på 6 el. 9 timar. Dessutan er det munnleg prove til 2. og 3. avd. Etter den nye studieplanen vil 1. avd. få tre eksamensdagar og 3. avd. fire. Karakterane til 1. avd. vil få vekttal 2/12 av den endelege hovudkarakteren, karakterane til 2. og 3. avd. vil kvar få 5/12. —Studierevisjonen har teke lang tid, åtte—ni år. Endringane er små. Det syner påfallande oppslutning om studieplanen mellom norske juristar. Det er inga stemning etter det eg kjenner til, verken hos studentar eller Ixrarar, for å gå over til eit svensk system med å tentera av fag for fag i ein viss progresjon, eller til eit amerikansk system med kurs og credit-poeng for kvart fag. Som nemnt er rettshistorie eit obligatorisk fag ved 2. avd., likevel med den viktige modifikasjon at til eksamen alternerer faget med skatterett og sosialokonomi. Kvart semester blir det oppnemnt ein eksamenskommisjon, og denne kommisjonen avgjer kva fag det skal gjevast oppgåve i. Dette er hemmeleg for eksamenskandidatane inntil dei ser oppgåva ved eksamensbordet. Dei samvitsfulle studentane les da alle desse tre fag like grundig —andre brukar praktisk slumprekning eller stokastikk. Atter andre prover seg med hell i probabilitetskalkylar, såkalla »tipping». For dei obligatoriske faga gjeld det at pensum er definert som ei eller fleire liereboker. Faglxrarane må kvart semester gje forslag til oppgåver. Men eksamenskommisjonen — der også studentane er representerte! — vil knapt tillata ei oppgåve som i hovudsak bygger på forelesingar. Her kjemogså inn at sensorkorpset, det vil seia ca 50 av landets fremste juristar, ikkje kan ha kjennskap til anna enn ein skriven tekst, eller ei Ixrebok. Det er difor fullt mogleg å ta norsk juridisk embetseksamen utan å ha vore på ei einaste forelesing. Pensum er kunngjort i Plan for rettsstudiet, som kjem med ny utgåve kvart år. Alle endringar må godkjennast av Fakultetsrådet, etter instilling frå Undervisningsutvalet. Pensumi rettshistorie består av Knut Robberstad: Rettssoga I (siste utg. 1976), Fredrik Stang: Historisk innledning til jormueretten, 3. utg. 1934, og Helmut Going: Den europäiska rättsvetenskapens ursprungliga enhetlighet (i TfR 1968). Til saman utgjer dette ca 350 s. —Dei aller fleste studentane noyer seg med å lesa dette pensum og så å gå på 6 timars manuduksjon i eksamenssemesteret. Ingen skal fortenka dei i det. Pensum til 2.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=