Undervisning i rettshistorie i Norge, saerleg Oslo Av Professor Gudmund Sandvik For eg går inn på undervisninga 1 rettshistorie, må eg seia noko generelt omplanen for rettsstudiet. Den norske juristutdanninga har vore homogen til ut i 1970-åra, ganske enkelt av di vi herre hadde eitt juridisk fakultet. I dei forste åra av 1970talet hadde Den juridiske seksjon ved Universitetet i Bergen felles studieplan med Det juridiske fakultet i Oslo. No er studieplanane under revisjon både i Oslo og Bergen. Revisjonen er alt gjennomford i Bergen, i Oslo reknar vi med at det skal skje i 1978. Dermed vil den norske juristutdanninga for forste gong bli heterogen. Dette er altså meir enn ei indre universitetssak, men det er all grunn til å rekna med at regjeringa vil godkjenna ei tospora ordning. Min omtale av undervisninga i rettshistorie, gjeld i hovudsak ordninga inntil no, supplert med nokre framtidsvyer for Oslo. Mons Sandnes Nygård har vore formann for studierevisjonskomitéen i Bergen. Han er altså ein historisk nokkelfigur. Sidan 1968 har det juridiske studiet i Bergen og Oslo vore delt i 3 avdelingar: 1. avdeling stipulert til to semester, 2. avdeling til fire og 3. avdeling til fire semester, altså i alt ti semester eller 5 år. I tillegg kjem forebuande prover i filosofi, med eitt semester. 1. og 2. avd. har bestått av dei privatrettslege faga, 3. avd. har hatt dei offentlegrettslege faga. Eksamen i 1. avd. har omfatta avtalerett, arverett og familierett med skifterett. 2. avd. har hatt dei formuerettslege faga, förutan skatterett, sosialokonomi og rettshistorie. 3. avd. har hatt statsforfatningsrett, forvaltningsrett, folkerett, rettssosiologi, rettskjeldelaire, strafferett og prosessret, förutan eit valfritt spesialfag. Endringane ved den nye studieplanen i Oslo vil kort sagt gå ut på å innfora trygderett som eit nytt fag og legga det til 1. avdeling, saman med
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=