rettspolitikk som domstolsoppgåve Når domspolitikken kunne oppstå som ein Lasarus i norsk rettspraksis på andre halvdel av 1700-talet, og ikkje framstå som utilbørleg opposisjon, skuldast det òg ein ideell faktor: naturretten medbillighet som rettesnor. Naturretten erstatta guds vilje som den overordna stadnarden for god rett frå tidleg 1600-talet av. Der Magnus Lagbøter erkjente at hans lov ikkje var verkeleg lov om den ikkje var i tråd med Guds vilje, måtte eineveldet sine kongar på 1700-talet argumentera for at deira lovgjeving var i tråd med naturretten. Gjennom eksamensordninga av 1736, der kunnskap om naturrett var ein føresetnad for å få juridisk eksamen, vart kunnskap om naturrett allmenn i det norske rettsysstemet. Dermed fanst det eit legitimt prøvingsverktøy når den juridisk diskusjonen på tinget blomstra opp på andre halvdel av 1700-talet.32 Domspolitikk omfatta dermed ikkje bare tolking og utfylling av lov, strengt tatt i strid med Krisian 5s. Norske lov av 1687, men òg ein pørvingsrett. Forskjellen på domspolitikk si rolle på tinget i 1290 og 1790 var dermed ikkje så stor som forskjellen på Landlova av 1274 og Kristian 5s. Norske lov av 1687 skulle tilseia. Vil ein Robot Judge avskaffa alle domspolitikk for framtida? I 2016 utløyste artikkelen «Predicting judicial decisions of the European Court of Human Rights» stor optimisme når det gjaldt å utvikla programvare som kunne avgjera rettssaker,33 og det vart hevda at om 5 år ville robotdommarar vera aktive i norske domstolar.34 Det har ikkje skjedd. Men at det enno ikkje har skjedd, betyr ikkje at det ikkje vil skje. Medan vi ven31 Sunde 2007: 272-274 og 281-284. 32 Sjå generelt Jørn Øyrehagen Sunde, “’Ansees Hævet’ - Føresetnadar for den norke prøvingsretten på 1800-talet. Forfatningsteori møter 1814. Dag Michalsen og Ola Mestad (red.) (Akademisk Publisering, Oslo) 2008. 33 Nikolaos Aletras, Dimitrios Tsarapatsanis, Daniel Preotiuc-Pietro og Vasileios Lampos, «Predicting judicial decisions of the European Court of Human Rights», PerJ Computer Science 24. oktober 2016; https://peerj.com/articles/cs-93/ <sist opna 23. mai 2023> 34 Morten Goodwin og Jørn Øyrehagen Sunde, «Kunstig intelligens i rettsvesenet – hvem vil du helst dømmes av, maskin eller menneske?», EKKO, NRKRadio 24. august 2017; https://radio.nrk.no/serie/ekko/sesong/201708/mdsp25016917 <sist opna 23. Mai 2023> 99 Digital rett og framtida til domspolitikk
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=