RS 31

jørn øyrehagen sunde argumentert. Eksamenskravet frå 1736 gjorde at dommare, aktor og forsvarar vart betre skulert, og hadde erfaring med å tileigna seg ny kunnskap gjennom juridisk litteratur. Samla sett gjorde dette at tinget på nytt vart ein arena for diskusjon opp mot lov. Tinget hadde ikkje same fridom som etter Landslova av 1274.For domspolitikken som vaks fram på 1700talet kunne ikkje utan vidare skapa gjeldande rett, men kunne brukast til å påverka utviklinga av gjeldande rett. Men sjølv det skulle endra seg, og domspolitikken skulle vera meir lik den som vart utøvd i mellomalderen. Kongen var heller ikkje nøgd med undersåttane si gudsfrykt, og ønskte meir kontroll med deira framferd. Difor vart det i 1730 innført ei plikt til å delta i gudstenester. Denne plikta vart innskjerpa i 1731 og 1735.28 I 1736 vart det innført ei konfirmasjonsordning.29 Den som ikkje var konfirmert hadde ingen rettsleg handleevne, som vil seia at vedkomande kunne ikkje inngå ein bidande avtale, avleggja vitnemål eller gifta seg. I realiteten vart det dermed i 1736 innført ei konfirmajsonsplikt, med tilhøyrande opplæringsplikt. I 1739 vart allmugeskulen innført i Norge,30 som gjorde at opplæringa etter konfirmasjonsordninga vart enno meir omfattande og effektiv. Dermed fekk almugen opplæring, og den fekk diskusjonstrening når det gjaldt å avgjera kva som var rett og galt. Av den grunn kunne dei i alvorlege straffesaker, som dei var meddomsmenn i, følgja og delta i diskusjonen som vaks fram etter ordningane som vart innført i 1735 og 1736. Eit resultat av dette kan sjå ut til å vera at dialogen mellom sorenskrivar og meddomsmenn vart revitalisert. Ei følgje var at sorenskrivaren vart nedstemt i fleire saker, og at bygdetinget oftare utfordra lov direkte.31 Domspolitikken som vart avskaffa med Kristian 5s. norske lov, var tilbake. 28 Forordning, Om Sabbathens og andre Hellige-Dages tilbørlige Helligholdelse, og den hidindtil derved forløbne Misbrugs Affskaffelse, av 21.04.1730, Forordning, Om Sabbathens og andre Fest- og Bededages Helligholdelse, av19.01.1731,og Forordning, Om Sabbathens og andre Hellige-Dages tilbørlige Helligholdelse og den hidindtil derved foreløbne Misbrugs Affskaffelse, av 12.03.1735. 29 Forordning, Angaaende den tilvoxende Ungdoms Confirmation og Bekreftælse udi deres Daabes Naade, av 13.01.1736. 30 Forordning, om Skolerne paa Landet i Noreg, og hvad Klokkerne og Skoleholderne derfor maa nyde, av 23.01.1739. 98

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=