RS 31

rettspolitikk som domstolsoppgåve dommar.23 Dermed gav det ikkje lenger god meining at det skulle drivast domspolitikk på tinget. For lagmann og sorenskrivar var kongelege tenestemenn som var bundne til den eineveldige kongen, og skulle følgja hans vilje. Så lenge dei var einedommar, var domspolitikk dermed eit utslag av manglande lojalitet, og eit brotsverk. Difor kunne dei òg bøtleggjast for ulovlege dommar, som etter Kristian 5s. Norske lov av 1687 ville vera dommar der ordlyden vart tolka eller fylt ut. Paradoksalt nok kom den dansk-norske kongen sitt kontrollbehov til å opna opp for domspolitikk likevel. Kongen stolte nemleg ikkje heilt på sine dommarar, og for så vidt med god grunn. Trass kongen sine høge ambisjonar, var Kristian 5s. Norske lov utilstrekkeleg. Både tolkings- og utfyllingsbehovet gjorde at kongen alt i 1737 sette i gang arbeidet med ei ny lovbok.24 Den kom aldri. For å kompensera for lovboka sine manglar, gav kongen stadig fleire lover,og mellom 1687 og 1814 kom det meir enn 4500 einskildlover som var gyldige i Norge. Likevel vart ambisjonen om at alt skulle vera regulert av lov aldri ein realitet. Dermed hadde ikkje dommarane stort anna val enn å utøva ein viss grad av domspolitikk. For å få betre kontroll, vart det i 1735 innført ei ordning med tvungen appell og offentleg forsvarar i alle alvorlege straffesaker,25 og i 1736 vart det innført eit krav om at alle som hadde ei juridisk stilling i rettssystemet skulle ha avlagt juridisk eksamen.26 Dette skulle få uante konsekvensar. Ordninga med tvungen appell i alle alvorlege straffesaker gjorde at retten måtte argumentera meir inngåande for sine avgjerder fordi dei skulle applerast vidare til lagmannen, så til Overhoffretten i Kristiania, og til slutt til dansk-norsk høgsterett i København. Ordninga med offentleg forsvarar, særleg etter 1751,27 gjorde at sakene vart betre opplyst og betre 23 Kristian 5s. Norske Lov av 1687 1-7-1. Sjå elles Jørn Øyrehagen Sunde, ‘Fornuft og Erfarenhed’ – Framveksen av metodisk medvit i dansk-norsk rett på 1700-talet (Universitetet i Bergen, Bergen) 2007: 90-93. 24 Sjå Angaaende den Danske og Norske Lovs Revision, av 11.10.1737, jf. Sunde 2007a: 121 og 133. 25 Om adskilligt, Justitien og Rettens Betiente i Noreg vedkommende, 19.08.1735, jf. Sunde 2007: 129-137. 26 Anlangende hvorledes med Examinibus Juridicis ved Københavns Universitet herefter skal forholdes, 10.02.1736, jf. Sunde 2007: 129-137. 27 Anlangende hvad der ved Delinqvent-Sagers Drift og Udførsel i Danmark og Norge bør iagttages, 21.05.1751. 97

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=