RS 31

jørn øyrehagen sunde fram på 1600-talet, og generelt vart mindre enn 20% av alle årlege lovvedtak trykt.20 For det andre gjorde trykkekunsten at det vaks fram ei forventing om at lov kunne regulera samfunnet åleine. Dette skuldast at formidling av lov vart langt enklare, noko som igjen var med å spora til at meir og meir lov vart laga og spreidd. Landslova vart altså trykt i 1604. I 1643 vart ny lovgjeving frå etter 1604 samla og publisert i Kristian 4. Store recess. I 1687 vart både Kristian 4. Norske lov og Store recess erstatta av Kristian 5s. Norske lov. Norske Lov av 1604 hadde 199 kapittel, medan Store recess av 1643 omfatta 338 artiklar, og Kristian Vs norske lov var på over 1800 artiklar. Ekspansjonen i lovomfanget er uttrykk for ein ambisjon om å lovregulera alt, og slik gjera domstolane til mekaniske brukarar av lov. Trua på at lovgjeving kunne regulera samfunnet åleine, og dermed av lovgjevingspolitikk kunne absorbera domspolitikk, vart uttrykt i Kristian 5s. Norske lov gjennom at det innleiingsvis i lovboka vart innført eit forbod mot å tolka og fylla ut lov.21 Tanken om at domstolane skulle kunna prøva lov, var så framande at det ikkje ein gong vart forbode. Trykkekunsten gjorde dermed at ambisjonen omjus strictummellomalderen vart forsøkt realisert i Norge i tidleg nytid. Ein annan forskjell på kongeleg politikk på 1600-talet i høve til 1200talet, var at tinget si rolle i styringsapparatet vart sterkt redusert. Lagrettemennene på lagtinget skulle etter Kristian 5s. Norske lov av 1687 bare dømma saman med lagmannen i straffesaker som gjaldt liv og ære, og elles var lagmannen einedommar.22 Dette var eit resultat av ei utvikling som tok til alt på byrjinga av 1600-talet. Det same gjaldt etter kvart bytgdetinget. Lagrettemennene der dømte som før fram til 1634, då sorenskrivaren vart meddommar. Frå 1687 vart sorenskrivaren einedommar i alle mindre saker, og bare i saker som omfatta straff på kroppen eller som gjaldt fast eigedom skulle lagrettemennene framleis vera med20 Talet er basert på ein gjennomgang av V.A. Secher, Corpus Constitutionum Daniæ: Forordninger, Recesser og andre kongelige Breve, Danmarks lovgivning vedkommende, 1558–1660, bind 1-5 (Nielen & Lydiche, København) 1887–1903. 21 Kristian 5s. Norske Lov av 1687 1-1-2 og 4, jf. 1-1-3. 22 Kristian 5s. Norske Lov av 1687 1-5-22. 96

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=