RS 31

rettspolitikk som domstolsoppgåve Regelen om at bare tåpen følgjer lova sin ordlyd når den er for streng eller for mild, vart tatt ut av Landslova av 1274 då den vart omsett til dansk og trykt av Kristian 4. i 1604. Dette var eit tidleg steg i det ein kan sjå på som ei stor og neste hundre år langt rettsreform som tok til i 1590 med innføringa av instansordninga, og vart avslutta i 1687 med Kristian 5s. norske lov. Essensen i rettsreforma var å stryka sentralmakta sin kontroll med rettsbruken, og slik gje lovgjevingspolitikken ein meir sentral plass, og samstundes minimera domspolitikken si rolle for utforminga av gjeldande rett. Trykkekunsten er på to ulike måtar ein viktig bakgrunn for denne delen av dansk-norsk rettshistorie på 1600-talet. For det fyrste skapte trykkekunsten høge forventningar til eit samsvar mellom lov og rettspraksis. Lov vart langt meir fast, og dermed forutbrekneleg og lik for alle, ved at den vart skriven ned. Samstundes kan vi av Landslova av 1274 sjå at det var store variasjonar mellom manuskripta som inneheld lovboka.18 Dette var tilfellet alt på fyrste halvdel av 1300-talet, då kongsmakta sette i gang ein ganske omfattande sentral produksjon av Landslovsmanuskript. Ein slik sentral produksjon av lovboka fanst ikkje etter reformasjonen, då produksjonen av Landslovsmanuskript tok seg opp igjen,og den nye og store mengda variasjonane vart opplevd som eit stort problem. I fortalen til Kristian 4s. norske lov av 1604 er det understreka at lovboka er trykt og utgjeven for at den ikkje skulle vera så «aldelis mørck oc tuifflactig», og «felte den ene dom imod den anden vdi lige sager».19 Når det likevel tok så lang tid å få Landslova av 1274 trykt, var det mellom anna fordi det tok tid å byggja opp ei forventning om ei einskapleg lov. Kistian 4. norske lov av 1604 er faktisk den fyrste trykte lova for Norge, og før den var det bare trykt 7-8 einskildlover gjevne av den dansk-norske kongen. Denne praksisen haldt 18 I den tekstkritiske utgåva Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes Landslov frå 2018 er det meir enn 30 000 fotnotar med registrerte variasjonar. 19 Christian den fjerdes Norske Lov af 1604, Fr. Hallager og Fr. Brandt (red.) (Feilberg & Landmark, Christiania) 1855: 3-4. 95 Trykt rett og forsøket på å avskaffa domspolitikk

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=