jørn øyrehagen sunde konkret sak, sjølv måtte vera samde om alternativet dei ville leggja til grunn innan dei same rammene. Vi kjenner for det fyrste igjen skiljet mellom lovgjevings- og domspolitikk gjennom at det siste er knytt til ei konkret sak – etter Landslova av 1274 kunne ikkje dommarane i ei sak endra lovordlyden generelt, men bare vika frå den i denne eine saka. For det andre skal domspolitikken utøvast i situasjonar og etter kriterium som er fastsett i lov. Men domstolane skal driva med sin domspolitikk på same premiss som lovgjevar driv sin politikk, nemleg gjennom diskusjon og semje innan rammene av Guds vilje. Ein kan spørja om ulikskapen mellom Landslova og majoriteten innan europeisk rettstenking på 1200-talet når det gjaldt jus strictumvs. jus aequumskuldast at skriftkulturen og lærd rett enno ikkje hadde prega norsk rett tilstrekkeleg til at det forutbereknelege og likskap for retten vart opphøgd som rettslege verdiar. Det er to problem med ei slik forklaring. For det fyrste vart norsk rett seinast nedskriven fyrste halvdel av 1100talet.15 Det betyr at skriven rett byrja å prega rettskulturen om lag samstundes i Norge som elles i Europa. For det andre kan vi òg identifisera resepsjon av romersk rett i norsk rett med kong Magnus 5. Erlingsson si lovgjeving 1163/64,16 og fleire eksempel på romersk rett vart tatt inn i Den eldre Gulatingslova og Frostatingslova fram mot 1274.17 Det betyr at opposisjon mot jus strictumsom kjem til syne i Landslova av 1274 ikkje var eit resultat av manglande erfaring med skrift eller manglande kunnskap om lærd rett, men eit medvite val om at føremonene med ein ny kommunikasjonsteknologi måtte vegast opp mot andre verdiar. 15 Mia Korpiola, «High and Late Medieval Scandinavia: Codified Vernacular Law and Learned Legal Influence», The Oxford Handbook of European Legal History, Heikki Pihlajamäki, Markus D. Dubber og Mark Godfrey (red.) (Oxford University Press, Oxford) 2018: 381382. Men sjå òg Magnus Rindal,«Dei norske mellomalderlovene – Alder, overlevering, utgåver», Skriftlege kjelder til kunnskap om nordisk mellomalder, Magnus Rindal (red.) 1995:7-9 som meiner dei norske mellomalderlovene kan vera skrivne alt på 1000-talet. 16 Jørn Øyrehagen Sunde, «’Aldeles berøvet Forstandens Brug’ – Konedrap i Møllendal i 1798 og psykisk sjuke mordarar i norsk rettshistorie», Integritet og ære – Festskrift til Henry John Mæland, Magnus Matningsdal og Asbjørn Strandbakken (red.) (Gyldendal, Oslo) 2019: 150-152. 17 Sjå Jørn Øyrehagen Sunde, «Innovative reception», Liber Amicorum Ditlev Tamm – Law, History and Culture, Per Andersen, Pia Letto-Vanamo, Kjell Åke Modéer og Helle Vogt (red.) (DJØFPublishing, København) 2011: 217-229. 94
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=