RS 31

rettspolitikk som domstolsoppgåve svolten ikkje kan straffast for tjuveri, samsvarar med synspunkt fremma i Summa Theologiae.12 Men når det gjeld domstolane sitt forhold til lova sin ordlyd, kan det nesten sjå ut som om Landslova medvite opponerer mot jus strictum-tradisjonen som Thomas Aquinas plasserer seg i. Etter Landslova var domsmakta i realiteten delt mellom lagmannen, som avgjorde det rettslege spørsmålet, og dei 12 lagrettemennene, som avgjorde bevisspørsmålet. Vidare var det i Landslova ein generell regel om korleis ein skal døma i alvorlege saker, og her heiter det at det bare er tåpen (norrønt: snapr) som grunngav ein urimeleg dom med å visa til lovordlyden, for det var dommarane si oppgåve å justera den om lov var for streng eller for mild.13 Dommarane var altså ubundne av ein urimeleg lovregel, og det var tåpeleg å hevda noko anna. Ein må tru at dommarane i slike tilfelle skulle gå fram på same måte som når det var ei lakune i lova: dommarane skulle døma slik dei vart samde om, men lagmannen si meining gjaldt sjølv om han var i mindretal, om ikkje kongen fann at lagmannen misforstod kva som var rett. Usemje mellom lagmann og tinget var svært uvanleg, så vi må tru at til vanleg vart dommarane enten følgde lov eller faktisk vart samde, og det vart teke omsyn til Guds fire døtre: Sanning, Fred, Rettvise og Nåde.14 Det betyr at dei som lagde den norske landslova var tilhengjarar avjus aequum, og meinte tilhengjarane av jus strictum var tåpelege. Men det interessante her er løysinga på problemet med å unngå totalt kaos om lov ikkje er bindande. Løysinga var semje innan rammene av det ei rekna som grunnverdiar som spegla Guds vilje. Ein opna rett og slett opp på ny den politiske prosessen som hadde leia fram til semje om lovordlyden innan rammene av Guds vilje, og krov at dei som ville vika frå ei slik semje i ei 12 Bo Alexander Granbo, «Nauðsyni Magnus Lagabøters Landslov», Lov og lovgivning i middelalderen: Nye studier av Magnus Lagabøtes landslov, Anna Catharina Horn og Karen Arup Seip (red) (Nasjonalbiblioteket, Oslo) 2020: 152-154. 13 LandslovaIV-18. «En eigi sem margr snapr hefir svarat her til at þeir døma ecki annat en log»; Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes Landslov – Norrøn tekst med fullstendig variantapparat, 1. del, Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck (red.) (Arkivverket, Oslo) 2018: 378. 14 Sjå Jørn Øyrehagen Sunde, «The Virtues Building Jerusalem – The Four Daughters of God and Their Long Journey to Norwegian law in the Thirteenth Century», Tracing the Jerusalem Code, 1. Volume: The Holy City – Christian Cultures in Medieval Scandinavia (ca. 1100–1536), Kristin B. Aavistland og Line M. Bonde (red.) 2021. 93

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=