jørn øyrehagen sunde men distribusjonen av skriftfest rett. Resultatet vart likevel det same: retten var langt meir fasttømra fordi den munnlege retten var mykje meir diskursiv enn det skriftlege. Det er denne nye situasjonen som er bakgrunnen for den delvis mytiske diskusjonen mellom Bulgarus og Martinus. Martinus sitt syn hadde støtte hos mellom anna Gratian, som spela ei hovudrolle isamlinga av Decretum Gratiani om lag samstundes med diskusjonen om jus strictum og aequum. Men dess lenger skrift dominerte retten, dess fleire tilhengarar fekk Bulgarus sitt syn, og frå slutten av 1100-talet dominerte det i lærde krinsar i Europa.10 På sett og vis kan vi seia at Thomas Aquinas kåra Bulgarus som vinnar av disputten då han i Summa Theologiækonkluderte med at det var få som hadde fått forstand frå Gud, dei få burde laga lover, og dei mange utan forstand frå Gud måtte bruka lovene slik dei var skrivne. Thomas Aquinas såg at fråværet av rom for domspolitikk ville gjera at retten i nokre tilfelle vart urimeleg. Men det var likevel betre enn det virvar som ville oppstå om ein gav fridom for alle utan forstand frå Gud til å bruka retten fritt for å oppnå eit rimeleg resultat.11 Thomas Aquinas argumenterer for sitt syn for jus strictummed teologiske argument, men som lett lar seg omsetjing til ein sekulært argumentasjon for det forutbereknelege som er attkjenneleg i dag. Ein slik argumentasjon ville likevel ikkje ha gjeve meining utan at vi tek omsyn til at retten vart skriftfest og formidla skriftleg frå 1100-talet av, som gav den – sett med samtida sine augo – oppsiktsvekkjande fast form og stabilitet. Det var likevel mogeleg å koma til ein annan konklusjon. For sjølv omjusaequumtapte terreng frå slutten av 1100-talet, vart det likevel den tanken som prega den norske Landslova av 1274. Det er ikkje mogeleg å bevisa, men det er mykje mogeleg at dei som laga den norske Landslova kjente filosofien til Thomas Aquinas. For eksempel regelen i den norske Landslova om at den som tek mat for å stilna 10 Erik Anners, Den europeiske rettens historie (Universitetsforlaget, Oslo) 2000: 117-118. 11 Thomas Aquinas, Summa Theologiæ, vol. 28: Law and political theory, 1a2æ. 90-97 (Blackfriars, London) 1966: 103-155. Sjå òg Bénézet Bujo, Moralautonomie und Normfindung bei Thomas von Aquin – Unter Einbeziehung der neutestamentlischen Kommentare (Schöningh, Pederborn) 1979: 296-297, jf. 305-306. 92
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=