rettspolitikk som domstolsoppgåve Domspolitikk vert eit tema på 1100-talet med framveksten av romarrettsstudiet i Bologna, som kan sjåast på som ei byrjinga på dagens europeiske rett etter romarrikets fall. Romarrettsstudiet skal ha vakse fram under rettleiing av mytiske Irnerius, drive fram av hans elevar Bulgarus, Martinus, Hugo og Jacobus, med støtte av magnatar som Fredrik 1. Barbarossa. Bulgarus og Martinus har seinare vorte ståande som representantar for to ulike syn på domspolitikk. Bulgarus fremma jus strictum, som vil seia at ein ved rettsbruk skulle halda seg til retten slik den var skriven. Martinus derimot var advokat for jusaequum, som vil seia at retten skulle brukast slik at den gav eit rimeleg resultat.8 Med andre ord utelukka Bulgarus domspolitikk, medan Martinus såg på domspolitikk som heilt nødvendig for å få ein rimeleg juss. Diskusjonen mellom Bulgarus og Martinus vert ein karikaratur av seg sjølv om ein ikkje ser den i ein kommunikasjonsteknologisk perspektiv. Bulgarus var ingen motstandar av det rimelege i jussen. Hans poeng var at det rimelege måtte leggjast inn i skriftleg rett for at ein under rettsbruken skulle kunne leggja vekt på den. Bulgarus fremma slik det forutbreknelege som juridisk verdi, realisert gjennom ein skriftleg rett. Martinus var ingen motstandar av ein fast og einskapleg rett, men meinte av mennesket sin fantasi til å sjå og leggja inn i den skriftlege retten verda sitt mangfald var avgrensa, og difor måtte in opna for omdanning av retten når den vart brukt. Det er naturleg at ein slik diskusjon kom opp på 1100-talet. På eine sida var skrift, og bruk av skrift i ein rettsleg samanheng, alt eit gamalt fenomen i høgmellomalderen. På andre sida vart ikkje skriftleg rett gjeven autoritet, og dermed inga hovudkjelde når ein skulle løysa juridiske spørmsål. Til det var den skriftlege retten for lite distribuert.9 Det er difor ikkje eigentleg bruken av skrift som endra europeisk rett på 1100-talet, 8 Antonio Padoa-Schioppa, A History of Law in Europe – From the Middle Ages to the Twentieth Century (Cambridge University Press, Cambridge) 2017: 193-197. 9 Sjå til dømes Richard Southern, Scholastic Humanism and the Unification of Europe, vol.1: Foundations (Blackwell Publishers, Oxford, UK/Boston, USA) 1995: 261-263. 91 Skriftleg rett og diskusjonane om domspolitikk
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=