RS 31

jørn øyrehagen sunde oftare gjennom at rettsreglar påverkar kvarandre enn påverknad frå dei djupare laga. For eksempel kan ei endring i korleis Høgsterett tolkar ein lovregel føra til endringar i sjølve lovverket. Men endringar på overflatenivået skuldast òg direkte påverknad utanfrå den rettslege sfæren, for eksempel gjennom at stor mediamerksemd om eit tema fører til lovendring. Slik var det tanken om grov aktlaus valdtekt kom til i Norge på 1990-talet.6 Men fordi det ikkje samstundes skjedde endringar i sjølve skuld- prinsippet og bevisprinsippa på mellomnivået, har endringa i den einskilde lovregelen enno ikkje hatt så stor verknad. Òg på mellomnivået vil det skje endringar gjennom horisontal rørsle. Det kan skje gjennom at dei rettslege prinsippa endrar kvarandre. Men her vil langt oftare samfunnsendringar vera viktig for at ein forstår dei rettslege prinsippa annleis. For eksempel har utviklinga av forbrukarsamfunnet endra skuldprinsippet i erstatningsretten slik at ein oftare opererer med eit objektivt ansvar. Eit eksempel på dette er det objektive produktansvaret som produsentar har for at produktet dei lagar ikkje valdar skade, og som på overflatenivået for eksempel gjer seg gjeldande i den norske produktansvarslova av 1988.7 På havbotnen er den horisontale rørsla like viktig som den vertikale, gjennom at samfunnsendringar spelar inn og fører til endringar i sjølve det rettslege grunnlaget. Men det skjer sjeldan, og fyrst og fremst i samband med store endringskompleks. Det vil seia at retten på botnen i det rettslege havet i ein norsk samanheng fyrst og fremst vart endra på 1100og 1200-talet, 1600- og 1700-talet, og 1900- og 2000-talet. Her er det kommunikasjonsteknologi spelar inn. Den påverkar retten direkte på botnnivå. Det skjer mellom anna av at ny kommunikasjonsteknologi endrar forventningane til retten si reguleringsevne. Gjennom å studera korleis ny kommunikasjonsteknologi påverkar retten, kan ein dermed òg studera korleis grensa for domspolitikk vert sett. 6 Sjå NOU2022:21, Strafferettslig vern av den seksuelle selvbestemmelsesretten – Forslag til reform av straffeloven kapittel 26, s. 195-199. 7 Lov om produktansvar, av 23.12.1988 nr. 104. 90

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=