rettspolitikk som domstolsoppgåve Dersom vi no vender tilbake til Tuori sine tankar om retten som lagdelt, og mi litt frie tolkning av hans teori, kan vi tenkja oss retten som eit hav.5 I overflata finn ein rettsreglar. Dette er reglar som regulerer korleis lovforslag skal ut på offentleg høyring, om gjenopptaking av rettssaker, bevisreglar, reglar om mediaeigarskap, bare for å gje nokre eksempel. Slike reglar endrar seg heile tida gjennom at det kjem nye lover frå Stortinget eller EU, eller at det vert gjort endring i eksisterande lovgjeving, gjennom nye dommar frå Høgsterett, lagmannsrettane eller fråEFTA-ogEUdomstolen, eller at andre rettslege kjelder vert endra. Slike endringar er ikkje uvesentlege, men det er ikkje endring i den enkelte regel på overflata i det rettslege havet som fører til endringar i retten som heilskap. På eit mellomnivå i det rettslege havet finn ein dei rettslege prinsippa, som for eksempel prinsippa om at lover ikkje skal ha tilbakeverkande kraft,omytringsfridom,omkontradiksjon,om mediamangfald,etc. Desse prinsippa vert i all hovudsak verkeleggjort gjennom dei konkrete reglane på overflata som spring ut av prinsippa på mellomnivået. Men det er òg slik at dersom mange reglar på overflatenivået vert endra, så vil innhaldet i prinsippa dei er knytt til òg endra seg. Det er altså ikkje ein einsidig årsak-verknad-relasjon mellom- og overflatenivået i det rettslege havet, men dei står i ein dialektisk forhold og påverkar kvarandre gjensidig. På sjølve havbotnen i det rettslege havet finn vi dei grunnleggjande ideane om retten. Her finn ein kravet om at lov skal vera offentleg kjent for å gjelda, her finn ein rettferdsideal som det forutbereknelege og likskap for retten, idealet om domstolane sitt sjølvstende, tankar om individet som autonomt, etc. Det er desse reglane prinsippa på mellomnivået spring ut av, og som til slutt manifesterer seg i reglane på overflatenivået. Men store endringar på overflatenivået kan altså påverka mellomnivået, og rekka heilt ned til botennivået i det rettslege havet. Ved sida av den vertikale rørsla i det rettslege havet, som er skildra så langt, finst det òg ei horisontal rørsle. Endringar på overflatenivået skjer 5 Jørn Øyrehagen Sunde, Speculum legale – Rettsspegelen: Ein introduksjon til den norske rettskulturens historie (Fagbokforlaget, Bergen) 2005: 27-31. 89 Rettsleg endring og kommunikasjonsteknologi
RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=