RS 31

jørn øyrehagen sunde Problemet er at juridisk metode, som alle andre deler av retten, ikkje er den same over tid, som er tema i min artikkel «Ingen veg tilbake – norsk juridisk metode frå år 1000 og inn i framtida».4 Dette skuldast at rettens teoretiske legitimeringsgrunnlag endrar seg. Enkelt sagt kan ein seia at i mellomalderen skulle god rett vera i samsvar med Guds vilje, i den tidleg moderne periode skulle den vera i samsvar med naturens orden, og i den moderne perioden med med menneskerettane menneskerettane. Men forskjellane i juridisk metode si utforming skuldast òg andre omstende.For eksempel vil juridisk metode verta utforma i tråd med den til ei kvar tid nyskapande og dominerande trenden innan matematikk, som var algebra i mellomalderen, geometri i tidleg nytid og som er bruk av algoritmar i vår eiga samtid. I denne artikkelen vil eg framheva kommunikasjonsteknologi som ein slik faktisk faktor som er med å forma juridisk metode, og dermed diskusjonen om domspolitikk opp gjennom rettshistoria. Dette perspektivet har gjerne vorte oversett i metodediskusjonar. Dermed har diskusjonen om domspolitikk gjerne vorte ført på ei ideelt grunnlag, som om ein stod fritt i forhold til dei faktiske omstenda til å dra grensa mellom den politikk lovgjevar og rettsbrukarar kan driva. Det er i så fall ein innbilt fridom. I det følgjande vil eg henta tilbake Tuori sin teori om den lagdelte retten og fyrst sjå på kvifor kommunikasjonsteknologi er ein viktig faktor å ta omsyn til når grensa for legitim domspolitikk vert dratt. Deretter vil eg sjå på korleis domspolitikk fyrst vart tematisert med introduksjonen av skrift som rettsleg kommunikasjonsteknologi, korleis ein forsøkte fyrst å forby domspolitikk i tidleg moderne tid med introduksjonen av trykt skrift, før eg avsluttar med korleis digitaliseringa av retten stiller oss ovanfor ein situasjon der domspolitikk burde forsvinna som rettsleg fenomen, men som i staden er heilt nødvendig og ikkje noko vi kan velja bort. 4 Jørn Øyrehagen Sunde, «Ingen veg tilbake – Norsk juridisk metode frå år 1000 og inn i framtida», Juridisk metode og tenkemåte, Alf Petter Høgberg og Jørn Øyrehagen Sunde (red.) (Universitetsforlaget, Oslo) 2019: 35-76. 88

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=