RS 31

rettspolitikk som domstolsoppgåve delar av boka på korleis ein finn gjeldande rett, og éin tredjedel på når ein kan fråvika gjeldande rett, men set altså opp reglar for begge deler.2 På eine sida gjeld ikkje det rom for å påverka retten si utforming som Graver opnar for i si rettstenking domstolane åleine, men alle rettsbrukarar. På andre sida er det bare domstolane sin rettsbruk som skjer innan rammene av alle dei tradisjonelle rettstryggleiksgarantiane, og difor vil rommet for å driva domspolitikk vera vidare enn det ein har i for eksempel forvaltningsorgan At domstolar til alle tider har drive med domspolitikk, betyr altså ikkje at det er ein ukontroversiell aktivitet. De betyr heller ikkje at dei har drive med same type politikk i alle historiske periodar. I staden er det slik at relasjonen mellom domstolar og lovgjevar, og dermed spørsmålet om kor fri domstolane er til å tolka lovordlyden, fylla lovtomme rom og prøva lov, er oppe til diskusjon når samfunn og rett endrar seg. For retten endrar seg heile tida. Ei slik erkjenning gjer at domspolitikk skulle dermed i prinsippet ikkje vera det same frå år til år. Så enkelt er det ikkje. Årsaka er at ikkje alle deler av retten endrar seg på same tidspunkt i same tempo. Kaarlo Tuori har i samband med sin kritiske rettspositivisme utvikla eit bilete frå den franske Annales-skulen for å visa retten sine endringsstrukturar. Essensen i Tuori sin endringsmodell er at retten på eit overflatenivå endrar seg heile tida, men at den endrar seg langt seinare på eit mellomnivå, og heller sjeldan på eit botnnivå.3 Så sjølv om det skjer mindre endringar ikorleis domspolitikken vert utøvd i kvardagen,vil det sjeldnare skje endringar i rammene for domspolitikken, og bare ein sjeldan gong endrar føresetnadane for den seg. Dersom vi koplar innsiktene til Graver og Tuori, så kan ein spissformulera det slik at kva som på eit kvart tidspunkt i historia er legitim domspolitikk vil vera i endring, men alltid vera knytt til den gjeldande metodelæra for korleis ein tolkar lovordlyden, fyller lovtomme rom, og prøver lov. Som alt sagt, diskusjonar om kva fridom domstolar har til å driva domspolitikk vert dermed gjerne ein diskusjon om juridisk metode. 2 Hans Petter Graver, Rettsretorikk – en metodelære (Fagbokforlaget, Bergen) 2007. 3 Kaarlo Tuori, «Från ideologikritikk till kritisk positivism», Retfærd 85 1999, og Critical legal positivism(Rutledge, London/New York) 2016: 147-196. 87

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=