RS 31

rettspolitikk som domstolsoppgåve•jørn øyrehagen sunde 1 Det er sjølvsagt fullt mogeleg å driva domspolitikk på rettsområde som ikkje er lovregulert, men det er ikkje tema for denne artikkelen, sidan det då ikkje oppstår ei mogeleg spenning mellom doms- og lovgjevingspolitikk. 86 rå eit rettshistorisk perspektiv kan ein slå fast at domstolar har til alle tider drive med domspolitikk som eit supplement, og til tider eit F korrektiv, til lovgjevingspolitikk.1 Det vil seia at domstolar så lang tilbake i historia som vi har skriftleg kjelder, har tolka lovteksten for å tilpassa den nye typar saker eller nye behov i tida, fylt ut lovtomme rom, og til og med prøvd og sett til sides lov i spesielle situasjonar. Det betyr ikkje at domstolar historisk har drive med politikk på lik linje med lovgjevar. Domspolitikk er for det fyrste politikk i ei konkret sak, og ikkje generelt. For det andre er domspolitikk politikk innan rammene som er lagt av lov, tolerert sedvane eller av rettssystemet sine institusjonelle strukturar. Det vil seia tolkinga av lovtekst vil ta utgangspunkt i lovteksten sin ordlyd, at lovtomme rom vert fylt på bakgrunn av dei omliggjande lovreglane og det systemet dei utgjer, og lov vert sett til sides med utgangspunkt i ein prøvingsrett som har eit lov- eller institusjonelt grunnlag. Domspolitikk er ikkje ukontroversielt. Dei fleste lovgjevarar sin ambisjon har historisk vore at loven skal brukast slik den er skriven. Årsaka er at den augneblinken det vert opna for at retten kan omformast og til og med skapast gjennom rettsbruken, så har ein opna for ein fridom som vanskeleg lar seg avgrensa. Men kvar enn grensa vert dratt, så er det viktig å ha i minnet at fridomen til å omforma og skapa rett gjennom rettsbruken er meir avgrensa enn den fridomen som lovgjevar har. Det som i praksis avgjer grensa mellom dei to, og dermed når domspolitikk er legitim, er gjeldande juridisk metode. Idenne samanhengen kan er det tilstrekkeleg å seia at juridisk metode dei spelereglane som gjeld for tolking av lovreglar, fylling av lovtommerom og prøving av lov. Det er i denne samanhengen interessant å merka seg at i Rettsretorikk – en metodelære frå 2007, så brukar Hans Petter Graver om lag to tredjeDomspolitikk og historisk endring

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=