RS 31

jørn øyrehagen sunde det tale om titusenvis av slike tvistar.38 I sivile saker har ein altså luka ut alle mindre saker, slik at domstolane sit igjen med dei vanskelege sakene. Dette er sakene der resultatet ikkje så lett lar seg utleia av lov. Behovet for å driva med domspolitikk i sivile saker for domstolane er dermed ikkje avskore på grunn av den auka regelmassen, fordi det er ikkje saker som fell inn under regelmassen som i stor grad når domstolane. Denne utviklinga vert i Norge forsterka av at domstolane har fått sterkare silingsverktøy. Fyrst ute var Høgsterett, som frå 1995 kunne velja kva strafferettssaker domstolen ville handsama. Dei fekk same rett for sivile saker i 2008, men då var ei langt tøffare siling alt introdusert i praksis etter modell av straffesakene.39 Dette er årsaka til saksnedgangen i norsk Høgsterett, som i dag siler bort nesten 90% av alle ankesaker.40 Det er òg årsaka til at domstolen har vorte eit tydelegare domspolitisk organ – etter silingsprosessen sit Høgsterett igjen med bare dei vanskelege sakene som fordrar domspolitikk. Same utviklinga har funne stad i dei norske lagmannsrettane, som er ankeinstansen i det norske domstolssystemet. Dei har fått anledning til å sila tøffare særleg straffesaker, men til ein viss grad òg sivile saker.41 Samla sett gjer det at lagmannsretten òg vert meir synleg som eit domspolitisk organ, om enn i langt mindre grad enn norsk Høgsterett. Vidare har norske domstolar fått ein normativ standard til å prøva rett mot. Prøvingsretten har ein lang tradisjon iNorge, slik Martin Sunnqvist har vist i sitt store verkKonstitutionellt kritisk dömande frå 2014. Men den revitalisering av prøvingsretten som skjedde frå 1990-talet av, skuldast i stor grad dei europeiske menneskerettane si nye rolle i den europeiske rettskulturen etter Berlinmurens fall i 1989. Guds vilje og naturens orden er dermed erstatta av menneskerettane som ein normativ standard som domstolane må ta omsyn til, og som lovgjevar ikkje kan velja bort utan å ta frå retten legitimeringsgrunnlaget. Det betyr at domstolane må driva 38 Sunde 2015: 266-268. 39 Sunde 2015: 105. 40 Sunde 2015: 170, jf. Norges Høyesterett, Årsmelding 2022, s. 33. 41 Sjå for eksempel «Borgarting lagmannsrett om ankesiling i seksårssaker: – I 2021 har vi silt bort i underkant av 50 prosent av disse sakene», Advokatwatch 01.02.2023; https://advokatwatch.no/nyheter/domstoler/article13693159.ece <sist opna 23. mai> 102

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=