RS 31

rettspolitikk som domstolsoppgåve Med ein auka regelmasse, pressar jus strictumseg fram som ein realitet like mykje som eit ideal. For med den auka mengda rett, vert i utgangspunktet høve til tolking og utfylling av lov langt mindre, rett og slett fordi det oftare og oftare finst ein regel om dei mange typetilfella som dukkar opp i det praktiske rettslivet. Dermed kan ein konkludera at anledninga til å driva domspolitikk vert redusert med ny kommunikasjonsteknologi. Men her bør vi stoppa opp ein liten augneblink. For, som vi har sett, dette har ein òg trudd med auken i regelmasse som kom med introduksjonen av skrift på 1100-talet, og deretter av trykt skrift på 1600-talet. I begge tilfelle viste det seg å vera feil. Årsaka er den alt omtalte plassen vi har sett kommunikasjonsteknologi har i det rettslege havet á la Kaarlo Tuori: den ligg nede på sjølve botnnivået. Dermed har endringar i kommunikasjonsteknologi store konsekvensar vertikalt oppover i havlaga, men òg horisontalt og ut i samfunnet. Det var ikkje bare retten, men heile samfunnet som var i endring når skrift og seinare trykt skrift vart den dominerande kommunikasjonsteknologien, og det same er tilfellet no når digital formidling av rett har gjort sin entré. Så lat oss ikkje dra forhasta konklusjonar, og sjå på det store bilete for å avgjera relasjonen mellomjus strictumogjus aequumi vår samtid og framtid. Auken i regelmasse er mogeleg på grunn av ny kommunikasjonsteknologi, men skjer ikkje på grunn av den. Heller er det slik at den nye kommunikasjonsteknologien er ein del av eit langt større endringskompleks som påverkar heile samfunnet. Auka regelmasse må difor vurderast opp mot auken i typetilfelle i rettspraksis. For medan talet på lover, forskrifter og forarbeidsider har stege, har òg talet på rettslege konfliktar av alle slaga auka. Mesteparten av auken i rettssaker er for straffesakene.37 Dette fordi auken i sivile saker i Norge all hovudsak har vorte møtte med å oppretta og utvida verksemda til nemnder, råd, kontor og ombod som etter ein forvaltningsprosess handsamar mindre sivile tvistar. I Norge er 37 Sjå vidare Jørn Øyrehagen Sunde, ‘At dømme i sidste Instans’ – Høgsteretts hisotrie 1965–2015 (Fagbokforlaget, Bergen) 2015: 169-171, jf. Domstolsadministrasjonen, Årsmelding 2022, s.15-20. 101

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=