RS 31

jørn øyrehagen sunde tar bør vi reflektera over konsekvensane av den maskinlæring som er mogeleggjort av ein digitalisert rett. Eit spørsmål ein må ta stilling til, er kva rom for domspolitikk det skal vera i framtida. Det er viktig å hugsa at digitalisering som ei ny form for å kommunisera juss, alt irreversibelt har endra norsk rett. I 1981 vart det vedtatt å oppretta Lovdata som ei norsk, rettsleg digital plattform etter førebilete av for eksempel den amerikanske Westlaw. Lovdata vart operativ frå 1983, og søkbart på internett i 1995.35 I 2000 vart digital publisering av lover likestilt med trykt publisering, og frå 2017 vart Norsk Lovtidende bare tilgjengeleg digitalt på Lovdata sine sider. Året før vart Norsk Rettstidende lagt ned, og Høgsterettsdommar vart ikkje lenger publisert i trykt form, men bare digitalt. Året før det igjen, vart Rettens Gang nedlagt, slik at underrettsdommar bare vart publisert digitalt på Lovdata sine sider. Med andre ord har digitaliseringa av rett kome like langt som bruken av skrift hadde då Magnus Lagabøter gav Landslova av 1274, og bruken av trykt skrift hadde då Kristian 5 gav si Norske Lov i 1687. Digitaliseringa av rett har til no hatt same følgjene for norsk rett som introduksjonen av skrift og seinare av trykt skrift hadde i mellomalderen og i tidleg nytid: den nye kommunikasjonsteknologien har ført til ein lovgjevingsgalskap. Talet på årlege lovvedtak har auka med 30% dei siste 40 åra. Kvart lovvedtak har fire gonger oftare følgjekonsekvensar for andre lover, slik at lovgjevinga ikkje bare har auka i tal, men er òg meir kompleks. Dette er òg spegla i mengda forarbeid som følgjer med kvar lov: Talet på forarbeidsider per lov har auka med 50% dei siste 40 åra. Men aller største er auken i talet på forskrifter, som har auka med 120% frå om lag 700 til om lag 1600 i året. I tillegg er forskriftene i dag dobbelt så lange som for 40 år sidan. Talet på høgsterettsdommar har gått ned frå noko over 300 til noko over 100, men har samstundes auka i lengde frå 3-4000 til 6-7000 ord, medan talet på rettskjeldetilvisingar auka frå om lag 20 til om lag 60 per dom.36 35 Iver Tangen Stensrud, Retten i det digitale Norge – Senter for rettsinformatikk 1970-2020(Fagbokforlaget, Bergen) 2020: 73-76, og Lovdata, Årsberetning 1999, s.8. 36 Morten Nadim, Precedents in the 21st Century – The Evolution of Case Law in the Norwegian Supreme Court 1970–2016(Universitetet i Bergen, Bergen) 2017: 452-459. 100

RkJQdWJsaXNoZXIy MjYyNDk=